Kjellbjørg Lunde (SV) reagerer sterkt på at regjeringa har gått i mot Stord kommunestyre sitt ønskje om traseval.
- Annonse -

Debatt: Kjellbjørg Lunde i SV meiner det er langt får sikkert at E39 over Stord blir realisert slik regjeringa no har bestemt.

Ikkje uventa har Kommunal og moderniseringsdepartementet (KMD ) landa på den verst mogelege traseen gjennom Landåsen. Saka blei sendt over dit til avgjerdsle etter at det kom inn fleire motsegner mot dei alternativa som låg føre. Fleirtalet i kommunestyret vedtok alternativet med den lengste tunellen, alternativ 5.

Alternativ 4 som no er bestemt, er i tråd med Statens Vegvesen (SVV) sitt syn.

Det blir for dyrt å bruke meir enn 300 millionar ekstra på ein lang tunell, av natur- og miljøomsyn, seier statsråd Sanner. Merkeleg når han og regjeringa går inn for eit prosjekt som førebels er kostnadsrekna til 43 milliarder kroner frå Stord til Os, inkludert monsterbrua over Bjørnefjorden. Enda merkelegare er dette  når dette planforslaget til ferjefri E-39 er vurdert til å ha negativ samfunnsnytte.  Dette viser bl.a. Klima- og miljødirektoratet til i si høyringsuttale til saka, slik Fylkesmannen også gjorde i si høyringsuttale.

Regjeringa «sukrar pillen « overfor kommunen med å vise til dei avbøtande tiltaka for å velje alternativ 4, skal fylgjast opp i den vidare planprosessen. Det er kommunen som har planmynde på denne delen av E- 39, mens resten er statleg plan. Men det vi sit igjen med er altså alt arbeidet, lokale politiske vedtak som blir oversett og eit framtidig rasert natur- og turområde, dersom planen blir realisert.

Men det er langt frå sikkert.

- Annonse -

Fylkestinget vil prioritere andre påkrevde samferdsleprosjekt, bl.a. ny veg- og jernbane Bergen- Voss, jfr. uttalen til Nasjonal Transportplan. Kostnadsauken i det ferjefrie E 39-prosjektet som er på teiknebrettet no, har vore så gigantisk at sjølv dei få entusiastiske pådrivarane har fått kalde føter og mumlar om lågare kostnadsalternativ. Trafikantane som er blitt spurde seier i hovudsak nei til dette gigantprosjektet. Fleire blir det når dei oppdagar at bompengane tur-retur Stord – Bergen vil kunne komme opp mot 1000 kroner.

Ei anna samansetting av Stortinget etter valet, kan landa ferjefri E-39 på ein heilt anna, mindre kostesamt og på ein betre natur- og miljømessig måte.

SV meiner at den aktuelle strekninga forbi Leirvik kan utbyggast etter dagens trase, med to køyrebaner, tre der det skal vere avkøyring og forbikøyring, og i tillegg satse på nye lokalvegar, fortog og gang- og sykkelstiar. Fullt ut tenleg for både lokal- og gjennomgangtrafikk, der lokaltrafikken er langt høgare enn gjennomgangstrafikken.

Innsatsen må no rettast mot å få ferjefri E-39 inn i eit langt meir samfunnsnyttig spor, ikkje minst med større lokale positive ringverknader enn der dagens regjering har landa.

- Annonse -