Det er mindre enn eitt år sidan dei tre fylkesordførarane Solveig Ege Tengesdal (f.v.), Jenny Følling og Anne Gine Hestetun var samla til forhandlingar om ei ny brei Vestlandsregion. Men no er det berre Hordaland og Sogn og Fjordande att. Foto: Hordaland fylkeskommune

Sunnhordland vert no ein utkant i eit fylke som vil dreie fokus nordover mot Leikanger, fryktar Liv Kari Eskeland, som vonar at det ikkje er for seint å få med Rogaland i regionreforma.

Av: Liv Kari Eskeland, stortingskandidat, Hordaland Høgre

Som resultat av aktivt initiativ frå regjeringa, har det over heile Noreg i lengre tid vore drøftingar mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kring samanslåingar. Resultata av desse forhandlingane og påfølgjande Stortingshandsaming er no klart.

Liv Kari Eskeland (H) Foto: Ove A. Olderkjær/Sysla

For Sunnhordland sin del er dette nedslåande.

At vi ikkje kom noko veg med kommunesamanslåing er i seg sjølv trist, men eg let det liggja. Det som uroar meir er resultatet av fylkeskommunen sin prosess, eit resultat som me som innbyggjarar har hatt liten innverknad på.

Å endre kommune og fylkesgrensene bør vera underlagt gode debattar og opplysande informasjon om konsekvensar, ulemper og føremon ved endring. Like viktig som praktiske tilnærmingar er tilhøve til innbyggjarane sin identitet som grip djupt inn i vår kultur.

Førre store strukturendring var på midten av 1960 talet, ei endring som teikna eit nytt kommune-Noreg. Mykje har endra seg i samfunnet etter dette, og det er trong for ein ny gjennomgang. Det synes som det er relativt brei semje om trong for å sjå på strukturane på ny.

Vi treng sterkare regionar som er betre rusta til å møta dei krav næringsliv og vi som bur her har til effektiv og god drift av våre fylkeskommunar. Men når slike endringar skal skje er det viktig ikkje å forhaste seg. Endringane må vera godt forankra hjå folk og dei som vert påverka av endringane.

Vi starta ein god prosess der Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland skulle danne det store robuste Vestlandsfylket, der Sunnhordland og Haugalandet ville bli liggande som ein ekspansiv og dynamisk region i sentrum.

Uheldigvis var ikkje Rogaland klar då avgjerda skulle takast, og Rogaland trakk seg frå samarbeidet.

Det skulle også Hordaland ha gjort, ei samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane vil gje få nye moglegheiter. Men den politiske leiinga i Hordaland ville halda fram med å pressa i gjennom reforma.

Sunnhordland vert no ein utkant i eit fylke som naturleg vil dreie fokus nordover mot administrasjonssenter og fylkesmannsembete som vil bli lagt til Leikanger. Med ei slik organisering er det stor fare for at denne samanslåinga vil føre til dårligare tilgjenge og meir byråkrati heller enn ei effektivisering og forbetring av våre fylkeskommunale tenester.

La oss tru at siste ord i denne saka likevel ikkje er sagt og at det på nytt kan vera mogleg å få med Rogaland. Det vil gje oss ein stor og viktig region både næringspolitisk og befolkningsmessig.

Om ikkje Rogaland kjem med, må Sunnhordland vurdere kva vi er best tente med. Vi kan ikkje gje slepp på posisjonen vi har som ein sterk region, knytt saman via fastsamband og regionale føretak mot sør.

Vi registrerer alle kva fokus vår framtidige landfaste knyting (Hordfast) mot Bergen har i enkelte parti i Hordaland, og vi likar ikkje dei signala som kjem. Dette er dei same partia som har pressa gjennom samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane mot Høgre/Frp sine stemmer.

Det vi treng er eit sterkt vestland bunde som eitt fylke, ein region.