Formannskapet i Fitjar diskuterte kommuneøkonomien onsdag. Foto: Harald Johan Sandvik
- Annonse -

Revidert budsjett for 2018 og økonomiplan 2018-2021 er ikkje triveleg lesing for politikarane. Formannskapet hadde saka i går.

Av: Harald Johan Sandvik

Kommunal økonomi i Fitjar er sterkt pressa dei første åra framover. Både revidert nasjonalbudsjett, kommuneproposisjonen 2019 som styrer statlege overføringar til kommunane og Fitjar sin budsjettrapport frå første kvartal seier at dei neste åra vert tøffe.

Det gjer at kommunen no går inn i ein omfattande og krevjande omstillingsprosess. I inneverande år skal skulebruksplanen handsamast, det kjem omorganisering av helsesektoren og effektivisering av sentraladministrasjonen. Rådmannen varslar at ein må vurdera grunnbemanninga, gjera strukturelle endringar, slutta med visse tenester, vurdera om tenester fungerer, sikra kommunen sine inntekter og tilskot, og auka inntekter: Eksempel: Eigedomsskatt, auka brukarbetalingar, havbruksfond. Omstillingsarbeidet får førsteprioritet, men det kjem i tillegg til alle andre viktige oppgåver.

Skatteinntektene er framleis låge. Ved utgangen av mai var skatteinngangen 3.95 mill. under budsjett, og låg under tilsvarande innbetaling i fjor. Skatteinntektene i Fitjar var på 88,3 % av landsgjennomsnittet pr. april. I fjor på same tid låg Fitjar på 91,6 % og enda på 84,8 %.

Vert Rimbareid einaste skulen i Fitjar i framtida? Foto: Harald Johan Sandvik

Rammetilskotet vert redusert, og utgifter til pensjon aukar med 1,1 mill. berre i 2018. Renteutgiftene syner ein sakte stigning.

- Annonse -

På inntektssida er det likevel lyspunkt. Eigedomsskatten kan aukast på grunn av nye verksemder, og inntektene frå Havbruksfondet er større enn venta. Her er det enno mykje uvisse. Opphavleg var det budsjettert med kr. 300.000, men i revidert er det sett opp 2,3 mill., og det kan verta meir.

I debatten gav dei fleste politikarane melding om at dei vil bruka tida fram til kommunestyret saman med gruppene sine før dei eventuelt kjem med endringar. Dagfinn Brekke, KrF, var den einaste som kom med endringsframlegg. Han hadde funne eit avvik på kr. 200.000 på summering innan Helse og omsorg, la til kr. 50.000, og ville bruka det til å halda bassenget på Rimbareid ope heile året. Framlegget fekk to røyster, KrF ogFrP, og fall.

Ein så stor omstillingsprosess som no kjem, vil merkast på mange felt.  Skulebruksplanen vil åleine krevja mykje. Eventuell nedlegging av skular grip sterkt inn i krinsane sine planar og familiane sin kvardag.

Fitjarposten skreiv tidlegare i dag om Sigurd Andre Maraas, FrP, sitt spørsmål under Ymse i møtet. Han ber om konsekvensutgreiing på eventuell justering av kommunegrensa mellom Fitjar og Stord, med tanke på Sælevik krins. Ei sak under Ymse kan ikkje takast opp til røysting, men det vart debatt. Formelt kan ikkje saka starta slik. Den må i tilfelle starta med eit innbyggjarinitiativ. Deretter går saka til fylkesmannen for utgreiing.

- Annonse -