Den afghanske familien takka for hjelpa frå trussamfunnet Nytt Liv då dei fekk midlertidig opphald i fjor. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

LESARINNLEGG: Geir Martin Økland nyttar den internasjonale kvinnedagen til å setje søkjeljos på den afghanske familien som var i kyrkjeasyl på Fitjar.

Av: Geir Martin Økland

I 1590 vart Anne Pedersdotter brent på bål. Det var etter ei grundig rettsak, der mange av prestane støtta henne, men rettsvesenet og dei borgarlege fekk henne dømt. Ho vart ei av ca 350 kvinner som fekk lida denne skjebnen under hekseprosessane i Noreg.

Geir Martin Økland.

Seinare under andre verdskrig, var det norske politi svært dyktige i si teneste for nazistane og arresterte over 700 jødar, mange av dem kvinner og barn. Medan politi i blant anna Danmark, advarte jødane, og hjalp dei å røme, gjorde stort sett norsk politi det dei kunne for å arrestere så mange som mogeleg. 772 jødar vart arrestert og deportert. Kvinner og barn vart hurtig drepne i konsentrasjonsleirane, sterke menn fekk leve litt lengre. Berre 34 overlevde.

No har Noreg ein del flyktningar som har komen her fordi livet deira står i fare i heimlandet. Etter menneskerettane og norsk lov, er vi pliktige til å ta desse på alvor, og gje dei tryggleik.

Men skjer dette? Vi veit at det å konvertere frå islam til kristendom, er etter sharia, noko som må straffast med døden. Men likevel har Noreg sendt over 1000 konvertittar tilbake til muslimske land. Une som er ankeinstansen for asylsøkjarar, tar ikkje søkjarane på alvor.

- Annonse -
- Annonse -

Det ser vi eit klart eksempel på her på Stord. Familien som søkte kyrkjeasyl på Fitjar hadde fått avslag, sjølv om dei er aktive kristne. I tillegg flykta dei i utgangspunktet fordi kvinna, som tenåring, vart gifta bort til ein mann på 64, som var valdeleg. Då hennar hemmelege kjærast, tilbaud henne å rømme med henne, takka ho ja, og dei flykta til ein annan del av landet. Der stifta dei ein heim. Men då dei fekk veta at broren som var med i Taliban, og som hadde arrangert ekteskapet mellom henne og den gamle mannen, var på veg, flykta dei.

- Annonse -

Dei visste at broren kom for å drepe dei, og dermed berge si eiga ære. Flukta med to små barna var om vinteren frå Afghanistan til Tyrkia. Ei iskald og livsfarleg ferd i snø og med livet som innsats. Deretter i ferda over havet frå Tyrkia, sank den andre overfylte nabobåten og ein av borna vart stum etterpå, av den tragiske hendinga.

No vil ikkje Une tru på historia deira, og vil ikkje ringe politiet i Kabul for å sjekke om det ligg ei arrestordre, og utleveringsordre på dei, til hennar bror.

Politiet kom derfor og arresterte dei, og vil sende dei til Afghanistan. Det vil også Une, og politikarane i regjeringa. Den einaste kvinnelege politikaren som har tale deira sak er ordføraren i Fitjar.

Historia gjentar seg, politi, rettsvesen, og politikarar sender folk til mishandling og død. Kvar er kvinnesakskvinnene? Kvar er menneskerettsforkjemparane? Dette er ein av vår tids største tragediar. Ønskjer alle ein god kvinnedag.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -