- Annonse -

Fitjar Sokneråd har tilsett Randi Lønning Matre som ny trusopplærar.

Ifølgje heimesida til Fitjar kyrkje har ho teke imot stillinga, og vil starta arbeidet så snart ho har avslutta arbeidsforholdet i Stord.

Randi Lønning Matre er busett i Sagvåg, og har i fleire år vore tilsett som trusopplærar i kyrkjene på Stord og Nysæter.

Ein ventar at ho kan starta i Fitjar i byrjinga av desember.

– Soknerådet ser fram til å få ein dugande trusopplærar på plass i arbeidet for barn og ungdom i Fitjar kyrkjelyd, heiter det på heimesida til Fitjar kyrkje.

Bakgrunnen for tilsetting av trusopplærar i Fitjar er at soknerådet i Fitjar ønskjer å avvikle ein av to stillingar som kyrkjelydsprest i kommunen, og erstatte ho med ei trusopplærar-stilling i 80 prosent.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Bakgrunnen for at den eine prestestillinga fell bort er at det har vore vanskeleg å få på plass sikker finansiering av heile stillinga. Vidare har både kyrkja i Fitjar og andre stader hatt store vanskar med å få kvalifiserte søkjarar til lokale prestestillingar.

Det var fem søkjarar på stillinga som trusopplærar:

1. Slavisa Josifovic
2. Linda Beate Peters
3. Elen Kristine Myhre
4. Randi Lønning Matre
5. Elisabeth Vatland Fauskanger

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -