Rådmann Magnus Mjør. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Trass i at regjeringa løyvar meir i frie inntekter for Stord komme, meiner rådmannen at budsjettsituasjonen for Stord kommune framleis vil vere utfordrande.

Stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp) som sit i finanskomiteen skryt over at regjeringa løyvar ei auke i dei frie inntektene i kommunesektoren med 2,6 prosent frå 2017 til 2018 på landsbasis. For Stord kommune sin del vil dette talet vere på 2,3 prosent.

Ifølgje prognosen til regjeringa vil Stord kommune få 980 millionar i frie inntekter i 2018, mot nær 960 millionar i 2017. Altså ei auke på rundt 20 millionar kroner.

– Me held fram å gjera som me har gjort i fire år, nemleg å styrkja kommuneøkonomien år for år, uttaler Njåstad.

Ikkje imponert

Men rådmannen i Stord kommune, Magnus Mjør, er ikkje vidare imponert over dei ekstra løyvingane Stord kommne får.

- Annonse -

– Me har ikkje lagt skjul på at me har utfordringar med 2018-budsjettet for Stord kommune. Så langt ser det heller ikkje ut til at me får noko ekstra hjelp over statsbudsjett. Men me må venta til måndag før me får dei endelege tala, då først vil det liggja føre prognosar for kommunen sine frie inntekter i 2018.

Mjør viser til at prgnosemodellen frå KS kjem på måndag, då ein vil vite meir om korleis dei frie inntektene vil slå ut for kommunebudsjettet når ein tek omsyn til alle faktorane som speler inn.

- Annonse -