Foto: Visit Bergen/privat
- Annonse -

Etter at det var oppretta personalsak mot rådmann Odd Ivar Øvregård på bakgrunn av ein låneavtale med Folgefonn-senteret, har han no valt å seie opp stillinga si.

– Partane har hatt ein open og ryddig dialog i prosessen, og det er avklara at det ikkje er grunnlag for ein vidare personalsak mot rådmannen, melder ordførar Peder Sjo Slettebø (H) i ei pressemelding måndag kveld.

Bakgrunnen for personalsaka som vart oppretta mot rådmannen i førre veke, er at kommuneadministrasjonen hadde underskrive ein låneavtale med Folgefonnsenteret utan at denne vart politisk handsama.

I avtala tek Kvinnherad kommune på seg ansvaret for eit lån på seks millionar kroner. I følgje avisa Kvinnheringen har det vore usemje mellom ordføraren og rådmannen om kven som har ansvar for den manglande politiske forankringa.

Sjølv om rådmannen no har valt å trekkje seg, vert ikkje handsaminga av låneavtala nemnd som årsaka.

– I lys av situasjonen som har vore vanskeleg for rådmannen, med mellom anna mykje spekulasjonar i media, er ein likevel blitt samde om å avslutte samarbeidet, står det i pressemeldinga.

- Annonse -

Rådmannen halde fram i stillinga til 1. juli, og vere tilgjengleg etter det fram til ein ny rådmann er på plass.

– Partane er nøgde med å ha funne ei god løysing for dette, som mellom anna medfører at rådmannen vil halde fram i stillinga til 1. juli 2018, og deretter fråtre. Han vil også vere tilgjengeleg i ein periode etter dette for å bistå med ein god overgang når kommunen no skal tilsetje ny rådmann.

Øvregård har vore rådmann i Kvinnherad sidan hausten 2015. Før dette var han rådmann i Osterøy kommune.

- Annonse -