Styreleiar Kjell Arne Møklebust, dagleg leiar Vidar Onarheim og styremedlem Tor Solberg i AqKva-konferansen. Foto: Pål Mugaas Jensen
- Annonse -

Skal få hjelp av Christine Hope til å forsone seg med at den årvisse konferansen er flytta frå Stord til Bergen.

I januar 2018 er det klart for ein ny utgåve av AqKva-konferansen, men for første gong sidan starten i 2004 er ikkje lenger Stord vertskap for konferansen. Fasilitetane ved Stord hotell vart rett og slett for små for den veksande konferansen.

– Me har fått stort sett gode tilbakemeldingar, og forståing for flyttinga, og nokre få som melder at det blir ein noko lengre reiseveg, seier dagleg leiar for konferansen, Vidar Onarheim til nettstaden Kyst.no.

Dermed blir konferansen i januar avhalden i Bergen, nærare bestemt Quality Hotel Edvard Grieg.

Teknologifokus

Programmet er no spikra. Konferansen vil ha eit stort fokus på teknologi, der mellom anna Hav Line skal presentere korleis dei fraktar laks direkte til Danmark frå merdene. I tillegg er grøn teknologi også eit blitt eit aktuelt tema i oppdrettsbransjen, og Westcon vil halde føredrag om grøn skipsteknologi for servicebåtane.

- Annonse -

Rektoren ved UiB kjem for å snakke om forsking og utdanning innanfor framtidas havbruk, NCE Seafood skal halde føredrag om berekraftig fôr i havbruksproduksjonen.

Sjå heile programmet her.

Plaster på såret

Bømlingen Vidar Onarheim fortel til Kyst.no at Stord-komikar Christine Hope vil eit trekkplaster til festmiddagen. Kanskje eit lite plaster på såret for at konferansen vart flytta til Stord?

– Underhaldningsinnslaget under festmiddagen blir Christine Hope, som har vore gjennom same traumane med å flytte frå Stord til Bergen. Forhåpentlegvis vil ho hjelpe oss med å arbeide oss gjennom desse, seier Onarheim.

- Annonse -