Lisa Stokke i rolla som Evita. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.
- Annonse -

Det skal godt gjerast å komprimere historia om «Evita» på éin kveld. Men Bømlo Teater gjer eit gjennomført forsøk.

Premiere på Evita i Moster Amfi, 9. august
Meldar: Malin Langøy Aarbø

Eva Perón, aka «Evita», er eit namn med mange ansikt. Somme vil skildre ho som ein reddande engel. Andre vil skildre ho som ei manipulerande førstedame med jernhand i silkehanske. Historia om den fattige bondejenta som jobba seg opp til å bli ein etablert kvinnepolitikar, har prega Argentina på godt og vondt sidan bortgangen i 1952.

I dag er ho betrakta som ein helgen for sitt brennande engasjement, og er blitt gjenstand for tolking i fleire bøker, filmar og framsyningar. Presset var derfor stort når Bømlo teater hadde premiere på musikalen Evita i går i Moster Amfi.

Skarp framsyning

Det er ingen tvil om at musikalen krevjar sitt av eit publikum som ikkje nødvendigvis har kjennskap til historia. Karakterane er mange og flyktige, songtekstane er til dels vanskelege å få fatt på, og det tar litt tid før musikalen klarar å engasjere i første akt.

Til gjengjeld gir Bømlo teater mykje tilbake. Vokalmessig er «Evita» ein kraftprestasjon med musikalsk spennvidde. Lyden er upåklageleg, koreografien spenstig og lyssettinga kan ikkje beskrivast som anna enn lekker.

- Annonse -

Bømlo teater leverer ei polert og skarp framsyning med utsøkte, mjuke detaljar, slik som lysekronene i taket og silkekjolen til hovudrolla Lisa Stokke.

Innleving på plass

Likevel er det ikkje det sceniske som trekker mest opp, men formidlinga av ein elles så tung og alvorsprega historie. Det er ikkje lett å få politikk til å bli underhaldning. Her gjer hovudrollene ein formidabel jobb.

Mimikk, diksjon, kroppsbevegelsar og innleving er på plass, og sjølv om det ikkje er mogleg å komprimere livet til Evita på éin kveld, får publikum eit ganske godt innblikk i kven ho var.

Sjå biletegalleri frå musikalen her:

- Annonse -