Politiet knuste ruta ved døra då dei braut seg inn i kyrkjelyden grytidleg fredag morgon. F.v. Geir Vik, Reidun Vik, Frode Sunnhordvik, Marit Janne Sunnhordvik, Alf Helland, Kristin Håvik og Frank Håvik. Foto: Kjetil Rydland
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

I dag tidleg vart den afghanske familien som har sete i kyrkjeasyl på Fitjar henta av politiet. Ordføraren i Fitjar reagerer med vantru.

Leiar i kyrkjelyden Nytt Liv Sunnhordland, som har hatt ansvaret for den afghanske familien i kyrkjeasyl i lengre tid, fortel at politiaksjonen skal ha skjedd mellom klokka 6 og 7 i dag tidleg.

– Dette var ein dramatisk aksjon. Politiet stilte med tre politibilar i tillegg til ein ambulanse. Dei knuste vindauga, og det var reine kommandoraidet. Dette er stikk i strid med reglane for kyrkjeasyl, seier ein svært opprørt Frank Håvik.

– Heilt horribelt

Frank Håvik fortel at han ikkje har hatt kontakt med familien etter at dei vart henta av politiet. Han reagerer på aksjonen fordi saka anka til lagmannsretten og dermed ikkje rettskraftig.

– Dei har ikkje ein rettskraftig dom i saka, og så kjem dei likevel. Dette er heilt horribelt, seier Håvik.

Politiet stadfestar aksjonen, men ønskjer førebels ikkje å gi fleire kommentarar til saka.

- Annonse -

– Me kan stadfeste at det har vore ein aksjon etter førespurnad frå Politiets Utlendingsenhet sentralt. Der har Sør-Vest politidistrikt bidrege. Noko meir ønskjer eg ikkje å seie no. Det vil bli sendt ut ei pressemelding seinare, fortel operasjonsleiaren i Sør-Vest politidistrikt.

Foto: Kjetil Rydland

– Første gong kyrkjeasyl ikkje vert respektert

Advokaten til familien, Jostein Løken, seier det er oppsiktsvekkjande at politiet no bryt tradisjonen om å ikkje gripe inn i kyrkjeasyl-saker.

– Det er første gong eg høyrer at politiet går inn i ei kyrkje. Dette har vore eit fleire hundreår gammalt vern. At denne tradisjonen vert broten er noko heilt nytt.

– Har du vore i kontakt med familien?

– Nei, dei er under politiet sin transport.

– Trur du det mogleg å hindre uttransporteringa av familien no?

– Me gjer alltid det som kan gjerast. Stort sett er er desse sakene veldig vanskelege, men i utgangspunktet har me sett at at ingenting er umogleg i slike saker. Så me gjer det som kan gjerast, seier Løken.


Politiet braut sund veggen framfor senga før dei tok seg inn til familien som låg i sengene sine. Foto: Kjetil Rydland/Fitjarposten

Dramatisk historie

Den afghanske familien søkte først asyl i Noreg i 2015. I mars i fjor skulle familien transporterast ut av landet. Politiet kom då ein morgon for å hente dei på asylmottaket på Stord, noko som enda svært dramatisk då familiefaren forsøkte å ta livet sitt.

Han blei seinare frakta til utlendingsinternatet på Trandum, medan mora og dei to ungane gjekk i kyrkjeasyl på Stord.

I november i fjor blei saka til familien handsama av Oslo tingrett. Då avviste retten at dei hadde behov for beskyttelse. Det låg dermed i korta at familien ville bli tvangsreturnert til Afghanistan.

Retten grunngav vedtaket mellom anna ved at dei ikkje trur på at familien er reelle kristne, slik både familien og kyrkjelyden har hevda.

Den afghanske familien takka for hjelpa frå trussamfunnet Nytt Liv då dei fekk midlertidig opphald i vår. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Reagerer med vantru

Wenche Tislevoll, Foto: Fitjar kommune

Ordførar i Fitjar, Wenche Tislevoll, reagerer sterkt på at politiet braut seg inn for å hente familien medan dei sov.

– Eg stiller meg veldig undrande til at dei kan gå inn og hente ein familie som har sete i kyrkjeasyl. Eg trudde dette var ein godkjent måte ein kunne kjenne seg relativt trygg på. Det er med vantru at eg høyrer om kva som har skjedd.

– Dette er ein ung familie med tre ungar, som har vore så bekymra for sitt eige liv og tryggleik at dei vel å gå i kyrkjeasyl. Dei gjer dette fordi dei ikkje kan sjå føre seg å dra tilbake til Afghanistan fordi dei meiner dei ikkje er trygge. Det eg tenkjer aller mest på er ungane oppe i dette.

Ordføraren meiner det ikkje er tvil om at huset i Øvrebygda på Fitjar som familien har budd i, faktisk er ein kyrkjelyd, og at kyrkjeasyl-instituttet difor må gjelde.

– Dette har vore ein kyrkjelyd så lenge eg kan hugse, og har vore brukt til møteverksemd. Så eg meiner jo at dette er å rekne for ei kyrkje når det gjeld kyrkjeasylomgrepet. Me har hatt respekt for at dette har vore kyrkjeasyl. Eg stiller meg veldig undrande til korleis til at politiet kan gjere dette, seier Tislevoll.

- Annonse -