Tony Sorada satsa stort på restaurantdrift i Leirvik. No er restauranten stengt. Foto: Sorada
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Fredag kveld dukka poliet opp på døra til Sorada i gamle Fengselet i Leirvik sentrum og stengte restauranten på dagen.

Det er Tony Sorada som sjølv opplyste om dette i ein telefonsamtale til Stord24 fredag kveld.

Han hadde då nyleg fått beskjed frå kollegaer i restauranten han driv om at politiet hadde møtt opp og stengt restauranten medan han sjølv var i Haugesund.

Rådmann Magnus Mjør i Stord kommune opplyser overfor Radio Haugaland at bakgrunnfn for stenginga er at restauranten er gått konkurs, og at servering- og skjenkeløyvet difor fell bort. Mjør opplyser at Tony Sorada ikkje har søkt om nytt skjenkeløyve.

– Me har stor forståing for at han er fortvila og me synst det er trist at han har kome opp i denne situasjonen, men slik er reglane og då har me ikkje noko anna val enn å be politiet stenge restauranten, seier Mjør.

- Annonse -

Tony Sorada fortel at han er svært frustrert over situasjonen, og reknar med at han kjem til å tape ein opsetnad på rundt 80.000 kroner berre i løpet av helga.

- Annonse -
- Annonse -

– Eg har drive vidare i god tru. Eg har fått dårleg og mangelfull informasjon. Dette får no store konsekvensar for meg, seier Sorada som seier han har engasjert adevokat i saka og skal ha møte med bustyrar førstkomande måndag.

Sorada gjekk konkurs for ein dryg månad sidan. Tony Sorada opplyste då overfor Sunnhordland at han likevel ville drive restauranten vidare.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -