Rekningane balla på seg for Geir Martin Økland i Stord Kristne Skule etter den mislukka skuleprosessen i Podlen-bygget i Sagvåg. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stord Kristne Skule er i full gang med førebuingane å få skulen på beina i 2019. Men dei er framleis ikkje ferdig med å betale for den mislukka skulesatsinga i Sagvåg.

Geir Martin Økland i Stord Kristne Skule har i eit Facebook-innlegg starta ein ny innsamlingsaksjon for å få skulen opp på beina. Men denne gongen skal pengane gå til å betale gamle utgifter på 80.000 kroner etter den mislukka omreguleringsprosessen i Podlen.

– Veldig mange har støtta opp. Fram til no har me fått inn bidrag frå om lag 60 personar, fortel dagleg leiar Geir Martin Økland.

Dette er berre ein liten del av kva dei totalt har fått inn. Så langt i år er det kome inn 160.000 kroner i donasjonar.

Større utgifter enn venta

På Facebook-sida skriv Økland at dei omlag 100.000 kronene dei samla inn i månadsskiftet januar/februar var øyremerka oppstart, og ikkje kunne brukast på gammal gjeld. Dette var ikkje Stord Kristne Skule klar over og satt difor i gong den nye innsamlingsaksjonen no i juni.

– Eg har lært mykje av denne prosessen og vil jobbe for at me i framtida har pengane klare på førehand, skriv Økland på sida deira.

- Annonse -
- Annonse -

Økland fortel til Stord24 at dei i framtida tenker å arbeida mot riksdekkande media i håp om at det kan nå breiare ut. Han seier at dei allereie har støtte utanfor øya, og fortel at dei har givarar frå blant anna Sørlandet.

Har trua på kristen skule på Stord i 2019

Stord Kristne Skule tek sikte på å starte opp hausten 2019 og ventar no på svar hos Utdanningsdirektoratet. Økland fortel at dei ikkje har tenkt å gi seg dersom dei får nei.

– Alt ligg til rette for at me skal få godkjenning. Ut frå kva lovar og reglar som gjeld ser me ikkje noko reelle ting som kan stoppe dette, seier han.

- Annonse -

Økland fortel at den ideelle situasjonen til skulen ville vore å få på plass godkjenning og bygg før jul. Men kvar dei skal ha skulen er fortsatt uklart.

– Kva bygg me havnar i kjem an på økonomi. Me har blant anna tenkt på opplæringssenteret på Heiane. Dersom det blir for sal i oktober vil me gjerne vera med å by på det, fortel Økland.

Meiner Stord treng skulen

Økland fortel at det berre er økonomi og godkjenning som gjennstår, og at det ikkje er interessa for kristen skule det står på. Han seier at skulen har håp om å starte opp med rundt 20 elevar.

– Me ser at interessa og behovet er stort. Me ser og interesse frå folk som ikkje er kristne sjølv men som vil at ungane skal få meir kristendom i skulen, seier han.

– Kva vil være største skilnaden mellom offentleg skule og kristen skule?

– Den tydlegaste forskjellen vil vera mindre klassar, ein meir kristen profil og at det blir ein regional skule. Me ynskjer at kristendommen skal bli ein naturleg del av alle fag, fortel Økland.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -