Tysemarkjo er eitt av dei store prosjekta til Fronta dei siste åra. Då utførte Fronta den meste av jobben, frå prosjektering og bygging til sal. No er Fronta-gruppen som Kurt Arne Tyse styrer blitt betydeleg slankare. Foto: Fronta
- Annonse -

Ei rekkje Fronta-selskap vart i førre veke slegne saman.

Fronta-gruppa besto inntil i fjor av ei lang rekkje underselskap innan fleire bransjar. Men det siste året har mykje skjedd. Fem Fronta-selskap blitt avvikla i løpet av denne tida.

Fronta Maskin vart i fjor selt og overteke av Moster-baserte Landmark Maskin. På samme måte vart Fronta Ventilasjon selt til Stord-selskapet Aritech AS.

Siste veka i oktober forsvann også fleire andre Fronta-selskap. Fronta Bygg AS og Fronta Økonomi AS eksisterer ikkje lenger, då dei blei innfusjonert i morselskapet Fronta AS. På same viset blei selskapet Fronta Entreprenør AS fusjonert inn i Fronta Invest AS.

Vil få ned kosten

Fronta-sjef Kurt Arne Tyse seier at det ikkje ligg noko dramatikk i den hyppige avviklinga av underselskap.

– Me har så mange selskap som heng saman og held på med det same. For å ikkje ha så mange selskap så fusjonerer me dei inn for å få ned kosten. Me gjer det for rydde litt opp i strukturen, seier Tyse.

- Annonse -
- Annonse -

Han fortel at Fronta no i hovudsak kjem til å operere i to selskap: Fronta AS og Fronta Bolig AS.

Styrkar morselskapet

Det er Fronta Bygg AS som har vore det klart mest innbringande i Fronta-gruppa, med ei omsetnad i 2017 på ca. 115 millionar kroner. Selskapet er registrert med 30 tilsette. At selskapet no er avvikla betyr ikkje noko i praksis, seier Tyse.

- Annonse -

– Det er ikkje mindre aktivitet av den grunn. Dette gjer me for å synleggjere og styrke Fronta Bygg, for no er det morselskapet som tek over ansvaret.

Men det er ikkje berre Fronta som nyleg har gjennomført store strukturendringar. Ei lang rekkje selskap som Kurt Arne Tyse eig saman med Stord Innkvartering-gründer, Leif Trygve Nilsen, blei fusjonert inn i andre selskap i førre veke.

Slik er rekneskapstala for dei tre mest innbringande Fronta-selskapa:

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -