Amram Hadida, klubbleiar Kværner Stord. Foto: Camilla Aadland
- Annonse -

Det er full usemje om årets lønsforhandlingar mellom Fellesforbundet og Kværner. Frå og med i morgon vil dei fagorganiserte jobbe for under halv maskin.

– Eg kan stadfeste at det er brot i lokale lønsforhandlingar mellom oss i Fellesforbundet og Kværner på Stord. Når me kjem i ein sånn situasjon brukar me dei lovlege verkemidla som me kan, og då er gå sakte-aksjon aktuelt, seier klubbleiar i Kværner Stord, Amram Hadida.

Forhandlingane mellom Fellesforbundet og leiinga i Kværner starta 1. september i haust med eit mål om å bli ferdig 1. oktober. Etter reglane har ein då éin månad på seg til å kome fram til ei løysing før ein gå-sakte-aksjon, eller «dagsing», blir eit lovleg verkemiddel.

Jobbar redusert tempo

Det har partane ikkje klart. Klokka 7 i morgon tidleg startar difor aksjonen som vil medføre ein betydeleg reduksjon av framdrifta ved verftet.

– Frå i morgon av så vil operatørane våre i Fellesforbundet gå i temporeduksjon. Det betyr at dei er på jobb 100 prosent som vanleg, men jobbar redusert tempo tilsvarande 45 prosent, til 45 prosent av vanleg løn.

- Annonse -

– Kor mange arbeidarar vil delta i aksjonen?

– Det er alle medlemmane i Fellesforbundet, som tel rundt 600. I tillegg gjeld det dei som går under våre lønssystem som utgjer 20-30 personar.

Misnøgd med tilbodet

Hadida vil ikkje gå i detalj om bakgrunnen for brotet i forhandlingane.

– Akkurat der vil eg ikkje gå inn i detaljar med tanke på at dette er noko me løyser mellom partane. Men eg kan stadfeste at me er kome i usemje fordi me ikkje er samde med tilbodet som låg i bordet.

– Kor lenge vil de halde fram med denne aksjonen?

– Med mindre det kjem eit nytt tilbod i bordet vil me halde fram med dette så lenge me må. Eg vil inderleg håpe at me kjem til semje fortast mogleg.

– Raust eingongsbeløp

Kommunikasjonssjef i Kværner, Odd Naustdal, seier at bakgrunnen for usemja er at Kværner er ein situasjon med sterkt fokus på kostnadar.

– Eg kan stadfeste at det er brot i lønsforhandlingane, og at Fellesforbundet sine medlemmer vil setje i verk ein aksjon i samsvar med avtala protokoll. Me held oss til dette, og at aksjonen er ein del av spelereglane i arbeidslivet dersom ein ikkje kjem til semje i forhandlingane. Vidare er Kværner i ein konkurranseutsett industri der det er avgjerande for konkurranseevna vår å halde kostnadane nede. Eit moderat lønsoppgjer er ein sentral del av dette.

Leillinga i Kværner seier dei har tilbydd dei tilsette eit eingongsbeløp, som altså ikkje er blitt godtatt.

– Me har tilbydd det me meiner er eit raust eingongsbeløp og hadde håpt at dette hadde imøtekome fagforeininga sine prinsipielle forventingar. Kværner er eit framleis, sjølv om pilane peiker rett veg, i ei krevjande posisjon konkurransemessig. Me konkurrerer mot svoltne verft i inn- og utland. Skal me bidra til lønsemd i nye prosjekt – slik at dei i det heile tatt kan bli realisert – og halde fram med å ta inn lærlingar og utvikle anlegget, så er det viktig å halde kostnadane nede.

– Kva vil aksjonen ha å seie for framdrifta for prosjekta på Kværner Stord?

– Eg kan diverre ikkje spekulere i det.

- Annonse -