Direktør ved Sunnhordland museum Håvard Tvedte (t.v.), Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø og Sunnhordland-prost Sven Arne Theodorsen står bak arrangementet. Foto: Martin Tvedten
- Annonse -

Den katolske biskopen i Norge kjem til Halsnøy kloster i august, for å løfte fram Halsnøy Kloster som sentralt katolsk kloster i pilegrimsferda på veg til Nidaros.

Det er Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø og Sunnhordland-prost Svein Arne Theodorsen, og Sunnhordland museum som har teke initiativ til storhendinga på Halsnøy i august, der biskop Bernt Eidsvig og riksantikvar Jørn Holme skal delta.

Bakgrunnen er også eit felles ønske om å løfta formidlinga av Halsnøy klosters unike historie nasjonalt, både som mellomalderruin og eit sentralt katolsk kloster i pilegrimsleden på veg mot Nidaros.

Biskop Bernt Eidsvig tilhøyrer den same munkeordenen som var på Halsnøy Kloster for over 500 år sidan. Foto: Wikipedia (CC-lisens)

Storhending

– At den katolske biskopen no returnerar til Halsnøy i offisielt ærend er stort for alle historieinteresserete, seier direktør ved Sunnhordland museum, Håvard Tvedte.

Arrangementet vil gå føre seg 6. august, då det vil vere kveldsgudsteneste i Eid kyrkje, samt foredrag og omvising på Halsnøy kloster.

- Annonse -

– Me er glade for det initiativet Kvinnherad-ordføraren har tatt. Det blir allereie gjort mykje godt arbeid i formidlinga på klosteret, berre no i morgontimane i dag har me for eksempel 90 elevar frå Nordbygdo ungdomsskule her. Men saman med fleire aktørar kan me styrka aktivitetane og formidlinga ytterlegare. Potensialet er stort, og det er eg glad for at alle partar er opptatt av, seier Tvedte.

Vil bygge bru til fortida

Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø, som sjølv er katolikk, skal spele orgel i gudstenesta under arrangementet. Han fortel at det er ekstra spennande sidan biskop Bernt Eidsvig tilhøyrer den same munkeordenen som var på Halsnøy Kloster: Augustinarane.

– Dette er ei historisk hending, for eg trur ikkje det har vore biskop på Halsnøy sidan reformasjonens tid for over 500 år sidan. Eg synest det er veldig interessant å byggje ei bru mellom notida og fortida, fortel Slettebø.

Slettebø fortel at han meiner klosteret har eit stort potensiale som turistattraksjon i Sunnhordland, og at det er noko av bakgrunnen for initiativet.

– Stort potensiale

– Tanken er at me ønskjer å løfte klosteret endå meir, og gjere det meir kjend både regionalt, nasjonalt og kanskje internasjonalt. Me meiner det er eit langt større potensiale i gjere klosteret til ein turistattraksjon enn kva me så langt har fått ut av det.

– Kor viktig er klosteret i historisk samanheng?

– Det er eitt av landets mest bevarte kloster, og eit rikt kulturminne. Det seier mykje om den samfunnsordenen me hadde på den tida, og har vore ein sentral plass i gamle dagar då pilegrimsvandrarar frå heile Europa stoppa her på veg til Nidaros.

Halsnøy Kloster, foto: Visit Sunnhordland

 

- Annonse -