Rockebandet BigBang spelte på Tysnessåto på Torsdag. Foto: Pernille Førland-Hatlevik
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Med fantastisk sommarvêr og god musikk på Tysnessåto, viste fjellet seg frå si beste side på torsdag. Sjølv om det var mange meter å klatre til toppen så var stemninga, òg på det brattaste, upåklageleg.

I år var det rockebandet BigBang som fekk spele på Tysnessåto, med utsikt over fjorden. Bandet spelte kjende songar, så vel om ein ny, og hadde ingen problem med å få publikum med på allsong.

Ei samansett oppleving

Familien Rykkje og Bokn frå Haugesund var nokre av dei som hadde klatra 750 meter over havet for å få med seg konserten. Det var fyrste gongen dei deltek, men ut frå stemninga å dømme kan det verke som det ikkje blir den siste.

Elin Rykkje, Håvard Rykkje, Elida Rykkje, Ada Oline Bokn, Lilly-Karine Rykkje, Marianne Bokn og Erle Rykkje kosa seg på konsert på Tysnessåto. Foto: Pernille Førland-Hatlevik/Stord24

– Både me og ungane er veldig fornøyd. Me tok det som ein dagstur og kjørte her for både fjellturen og den gode konserten, fortel Elin Rykkje.

– Kva trur du er grunnen til at dette er så populært?

– Eg trur folk likar det å kunne kombinera ein fjelltur med ein sånn sinnsjukt bra konsertoppleving, fortel ho.

Kjem folk frå heile Hordaland

- Annonse -
- Annonse -

Og det var tydelig at fleire syns fjell og musikk var ein god kombinasjon. I år var det ca 2400 som tok del på den litt utanom det vanlege opplevinga.

Einar Vatna, vertskap på festivalen, er svært nøgd med dagen på Tysnessåto. Foto: Pernille Førland-Hatlevik/Stord24

Einar Vatne, ein del av vertskapet på konserten, fortalde at folk frå heile fylket plar tar turen til Tysnessåto for å høyre konsertane som vert held her.

- Annonse -

– Det har blitt ein snakkis i Hordaland. Eg kjenner folk som berre deltek på denne konserten gjennom helga, fortel han.

Vatna meiner at opplevinga av å høyre god musikk i slike omgjevnadar er grunnen til at så mange kjem.

– Dette var ei fantastisk start på festivalhelga. Og så får ein litt fysisk aktivitet midt i all festinga, ler han.

Har vore ein vellukka start på helga

Sjølv om det vert held konsertar frå onsdag av, fortel Vatna at dette på ein måte blei den første store dagen i festivalhelga. Han meiner at dagen har gått svært bra.

Med steikande sol, bratte bakkar og veldig mykje folk, har både vertskapet og Røde Kors tatt høgde for at ting kan skje. Heldigvis har og dei kunna lene seg tilbake og nyte turen.

– Me har ikkje hatt nokre større skader. Me har berre delt ut to gnagsårplaster så langt, fortel Røde Kors fornøyd.

Her får BigBang ståande applaus frå dei ca 2400 som gjekk opp til Tysnessåto på torsdag. Trass mengdene var det heldigvis ein rolig dag for Røde Kors. Foto: Pernille Førland-Hatlevik/Stord24

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -