Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Etter innspel frå ordføraren i siste time vil oppvekst og utdanning-komiteen likevel diskutere å setje opp brakkebygg ved Langeland skule.

Så seint som måndag ettermiddag var både leiaren og nestleiaren i oppvekst og utdanning-komiteen tydelege på at dei ville støtte rådmannen si innstilling om at elevane i Horneland/Hornelandsvågen skal høyre til Tjødnalio skulekrins frå og med neste haust.

Men så fekk komiteen innspel frå ordførar Gaute Epland (Ap) om at eit brakkebygg likevel kan vere ei løysing.

– Vil ikkje legge saka død

– Fram til i går ettermiddag var eg klar for å gjere eit endeleg vedtak. Så fekk eg i går noko ny informasjon der det kom fram at det er mogleg å setje opp brakkeriggar med oversikt over kostnadane. Dette er eigentleg utanfor saka, men eg synest ikkje at me i komiteen kan legge saka død ved å endre krinsgrensene no. Difor vil eg sende saka over til kommunestyret slik at saka blir ein del av budsjettprosessen, sa Brosvik.

Her, på framsida av Langeland skule, har kommunen lagt eit prisoverslag for å setje opp ein brakkerigg.

I følgje prisanslaget som rådmannen har laga på vegner av ordføraren vil investeringane med eit brakkebygg kome på 1,8 millionar kroner. I tillegg reknar kommunen med at det vil koste 1,2 millionar kroner årleg i drift.

- Annonse -

Det vil i tillegg kostnader med tilkopling til vatn og avlaup. Brakka er ikkje meint å bli sett opp på tomta som rådmannen er i forhandlingar om å kjøpe, men på framsida av skulen like ved paviliongen.

Falske forventningar

Kjellbjørg Lunde (SV) åtvarar mot å skape falske forventningar for foreldra som blir råka av skulekrinsendringane.

– Dette kan vere med på å skape falske forventningar. Eg veit at det er mange som gjerne vil at ungane skal gå på Langeland skule slik som skulekrinsane er no. Då er det slik at det er håp i hengande snøre, men eg slett ikkje sikker på at me får tid til å gjennomføre dette.

Lunde peika på at den vanskelege økonomiske situasjonen til kommunen vil gjere det vanskeleg å finne rom for å finansiere eit brakkebygg.

– Det er ein ganske alvorleg økonomisk situasjon me har å forhalde oss til. Dette kan også få konsekvensar som kan prege skulen sitt budsjett på andre måtar. Me har heller ingen moglegheit for å bygge ein ny skule på kort sikt, sa Lunde.

Ho fekk støtte frå Lene Pilskog (Ap).

– Eg vil understreke at me som komité ikkje må skape nokre forventningar om at me no endrar premissene i saka. Ein må vite at det framleis kan vere innstillinga som blir gjeldande. Men me må no gjere ein heilskapleg vurdering, sa Pilskog.

Det var mange foreldre frå Horneland-området som hadde møtt opp til møtet. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -