Forfattar Gunnar Stålesen skal lese frå bøkene sine akkompagnert av jazzmusikk. Her frå eit liknande arrangement på Jølster i 2017. Foto: Tore Sætre / Wikimedia Commons (CC-lisens)
- Annonse -

Stord Jazzklubb køyrer i kveld i gong årets jazzår med høgtlesing av den kjende forfattaren Gunnar Staalesen, kombinert klassiske jazzlåtar.

Klokka 19 laurdag kveld kjem den kjende forfattaren frå Bergen, Gunnar Stålesen til Grand Hotell. Han skal stå for kåseri og opplesing kombinert med eit utval klassiske jazzlåtar.

Musiskken er det Jan Kåre Hystad kvartett som står for.

Samlar fulle hus

– Det blir jazz av ypparste merke, humor, poesi – og kanskje nokre tekstar frå dei gongene Varg’en har vore i Sunnhordland også. Gjennom mange år har denne førestillinga samla fulle hus, same kor denne artistgruppa har lagt vegen, skriv leiar i Stord Jazzklubb, Olav Fjell.                                    

Jan Kåre Hystad kvartett består av: Jan Kåre Hystad, saksofon, Dag  Arnesen, piano, Sigurd Ulveseth, bass, og Frank Jakobsen, trommer.

– Alle desse musikarane er i lang tid blitt rekna blant dei fremste jazzutøvarane i landet, seier Fjell.

Suksessfull førestilling

- Annonse -

Dei første Vargtime-cd’ane vart utgjeven først i 2002 i høve markeringa av den bergenske privatdetektiven Varg Veum sin 60-årsdag. Dette resulterte også i ei førestilling med same namn. Dette blei ein så stor suksess at førestellinga har vore framført ei rekkje gonger i åra etterpå.

Vargtime har vore framført på dei fleste jazzfestivalane i Noreg; i Oslo, Kongsberg, Balestrand og Haugesund, på litteraturfestivalar i aust og vest og fleire gonger i Danmark.

Det er ellers eit svært rikt program Stord jazzklubb har å by på for det komande halvåret.

Slik vert jazzprogrammet fram mot sommaren:

Fredag 26. januar: Tubesnakes (Sjøhuset kl. 20:00)

Laurdag 10. februar: Fliflet/Hamre (Grand Hotell kl. 15:00)

Laurdag 10. mars: Kira Martini & Co (DK) (Grand Hotell kl. 19:00)

Fredag 16. mars: The Real Thing (Arena/Frugård kl. 21:00)

Laurdag 7. april: Sub Trio (Grand Hotell kl. 15:00)

Laurdag 21. april: Papagøyene (Familiekonsert) (Grand Hotell kl. 15:00)

Sundag 22. april: «Memorabilia» (Messe av Mats Eilertsen) (Stord Kyrkje kl. 18:00)
Del av Fartein Valen Dagane

Laurdag 5. mai: Wenche Band (Grand Hotell kl. 15:00)

- Annonse -