Skipet Harrier var tidlegare kjent som Tide Carrier. Foto: Kystverket
- Annonse -

Meiner reiaren Georg Eide ville sende skipet til ulovleg skraping i Pakistan.

Skipet Harrier er blitt ein stor verkebyll for norske styresmakter. Skipet låg i 10 år i opplag hos Eide Marine Services i Høylandsbygd på Halsnøy, før det vart selt i 2015 til selskapet Julia Shipping Inc, registrert i Karibien.

Berre eitt år etter gjekk Eide Marine Services konkurs.

Men Miljødirektoratet og Økokrim meiner planen var å smugle skipet ut av Norge til såkalt «beaching» i Pakistan, som er ein ulovleg form for skipshugging som fører til store miljøutslepp og svært farlege forhold for arbeidarane, skriv Dagens Næringsliv fredag.

Lasteskipet «Harrier» har vore  i arrest i Farsund sidan i fjor, då skipet var angiveleg på veg til skipshugginga i Pakistan. Det var aller første gong at norske styresmakter tok eit skip i arrest på dette grunnlaget.

Økokrim har på bakgrunn av dette sikta to av Georg Eide sine selskap, Eide Marine Eiendom og Eide Marine Services. Han skal ikkje vere personleg sikta.

- Annonse -

Forsvararen til Georg Eide seier til avisa at han ikkje erkjenner straffskuld.

– Min klient erkjenner ikkje straffskyld, seier advokat Arild Dyngeland til DN.

Det svære skipet har skapt stor frustrasjon blant lokale styresmakter og lokalbefolkinga i Farsund det siste året. I førre veke fekk skipet endeleg løyve til å forlate norske farvatn, etter å ha godtatt kravet om å ha blitt sendt til hugging i eit godkjent verft i Tyrkia.

Men denne veka gjekk alarmen igjen hos norske styresmakter, då skipet plutseleg forsvant frå radaren etter å ha kome til den engelske kanal. Kystverket fanga ikkje lenger opp signala som skipet er pliktige til å sende ut.

Dei neste signala kom då skipet seilte vest for Portugal med kurs sørover. Ein dag seinare skifta skipet kurs og seilte inn i Middelhavet på veg til Tyrkia.

I denne Youtube-videoen kan ein sjå korleis såkalla beaching føregår:

- Annonse -