Ferjesambandet mellom Stord og Kvinnherad skal bli korta inn. Her frå Skjersholmane. Foto: Hordaland fylkeskommune
- Annonse -

Fylkesordføraren meiner finansieringa av nytt ferjesamband er umogleg utan desse midlane, og har bedt departementet om ei ny vurdering.

Det er fylkesordførar Anne Gine Hestetun som sjølv opplyser om svaret ho har fått i eit brev frå departementet.

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun. Foto: Hordaland fylkeskommune

–  Etter samtaler på administrativt nivå forstår vi brevet slik at departementet har vurdert at innkorting av sambandet ikkje er kvalifisert til ferjeavløysingsmidlar grunna at det ikkje er bru eller undersjøisk tunnel, skriv Hestetun.

Årsaka til at samferdselsdepartementet avslår finansieringa er enkelt og greit at det ikkje er snakk om ferjeavløysing, med andre ord at prosjektet ikkje inneber bru eller undersjøisk tunnel.

Avhengig av ferjeavløysingsmidlar

Her gjer ho greie for at fylket ikkje har høve til å finansiere ny ferjekai utan statlege midlar, sjølv ved ei eventuell bompengefinansiering.

– Hordaland fylkeskommune har store utfordringar på fylkesvegnettet, og eg kan ikkje sjå at fylkeskommunen kan løfte eit prosjekt åleine, sjølv med bompengefinansiering av eit nytt samband, skriv Hestetun, som oppmodar departementet til å gjere ei ny vurdering i saka.

- Annonse -

– Dette betyr i praksis at vi truleg vil vere avhengig av ferjeavløysingsmidlar for å kunne realisere innkorting av sambandet. Eg kan difor ikkje sjå at godkjenning av sambandet som ferjeavløysingsprosjekt vil medføre utgifter for staten.

Viktig for Sunnhordland

Hestetun viser til at prosjektet er svært viktig for befolkinga og næringslivet i Sunnhordland, og at det vil bli desto vitigare ved ferdigstilling av ny E39.

– Store delar av Kvinnherad vil få kortare veg til Bergen via dette sambandet enn via alternative ruter mot Bergen. Kortare samband betyr mindre bruk av drivstoff, og med dette mindre utslepp. Ikkje minst er ferjesambandet viktig for næringsutvikling og regional utvikling i Sunnhordland.

- Annonse -