Stord Kristne Skule gjorde eit nytt forsøk på å starte skule til hausten, men no på Heiane. Foto: Stord opplæringssenter

Fylkesmannen har avslått klagen til Stord Kristne Skule om undervisning på Heiane. No vil Utdanningsdirektoratet ha aller siste ord.

Samtidig som skulestart rykker stadig nærare, arbeider Stord Kristne Skule framleis iherdig for å få styresmaktene med på si side. Etter mange runder i Podlen-bygget i Sagvåg, er det no Stord Opplæringssenter sitt bygg på Heiane som det vert satsa for fullt på.

Men heller ikkje her ser det ut til å gå vegen. Etter å ha fått avslag frå fylkesmannen i slutten av juli grunna manglande uteareal, har styreleiar i Stord Kristne Skule, Geir Martin Økland, klaga inn vedtaket etter at dei har inngått ein intensjonsavtale med Stord kommune og Ringvegen 28 om bruk av nabotomta der utearealet er tenkt.

Likevel har fylkesmannen i Hordaland bestemt seg for å oppretthalde avslaget. Økland opplyser at avslaget er sendt vidare til Utdanningsdirektoratet for endeleg vurdering.

Framleis optimist

Geir Martin Økland i Stord Kristne Skule.

Trass i at rekkja med avslag byrjar å bli veldig lang, så ser styreleiaren framleis positivt på moglegheit for skulestart ved Stord Kristne Skule til hausten.

– Slik det ser ut var dette ein halv siger. Det einaste som me ikkje fekk godkjent var uteområdet, då det var ikkje ferdig med ballplass osv. Når dette er på plass reknar eg med at me får det godkjent. Håper på å få til ein dugnad om, for eksempel ei til 1,5 veke når nabotomta er klar, skriv Økland i Facebook-gruppa til skulen.

I den avslåtte søknaden i slutten av juli var det skissert ein skulegard på 500 kvadratmeter. I anken som no er avslått skal utearealet ha blitt auka til fem mål, i tillegg til utmark på 22 mål.

– Gjorde ein glipp

Økland opplyser til Stord24 at han er positiv til svaret frå Fylkesmannen, då han meiner det berre er små manglar som gjenstår frå søknaden.

– Eg synest dette var positivt, for det er ikkje noko anna klage enn manglande teikningar på utearealet. Det tyder på at alt anna bra.

– Det var kanskje litt korttenkt av meg å sende klagen utan å ta med ein plan over utearealet. Det har kokt litt her, så eg gjorde kanskje ein glipp. Men eg skal prøve å ha ein god dialog med Utdanningsdirektoratet.

– Har de tid til å gjere klart uteområdet før søknaden vert godkjend?

– Eg trur me klarar å ha uteområdet klart om ei til to veker. Eg vonar me kan snakke med direktoratet, og at dei kan vente med ferdigbehandlinga til me har sendt ferdige teikningar, så vonar me at dei har ei behandlingstid som er overkommeleg.

God tilbakemeding for Heiane

Økland fortel at han nyleg har hatt eit møte nokre av personane som eventuelt kjem til å jobbe på skulen. Han er samtidig nøgd med at det er Heiane som kan seile opp som den aktuelle skulestaden, og ikkje Podlen-bygget  i Sagvåg slik som planen var i vår.

– Me har fått tilbakemelding på dette kan hjelpe på presset på Langeland skule. Me har ønskt Heiane heile tida, og i beste fall kan jo dette føre til at ein berre treng to klassar på Langeland.