Klokka 17.18 søndag ettermiddag fekk naudetatane melding om trafikkulukke i Bremnesvegenpå Bømlo.

Det var ein bil og ein motorsykkel som kolliderte i ei rundkøyring.

– MC-føraren er teken med i ambulanse. Vedkomande var vaken og ved medvit, og hadde smerter i arm og fot, melder Sørvest politidistrikt på X.

Politiet mistenker at bilføraren, ei kvinne i slutten av 70-åra, ikkje har respektert vikeplikta. Det er difor tatt beslag i førarkortet hennar.

MC-føraren er ein mann i slutten av 30-åra.