– Det er med stor glede at me kan stadfesta at H.K.H. Kronprins Haakon vil delta på markeringa av det nasjonale 1000-årsjubileet for Kristenretten på Moster.

– Veldig flott løft

Det melder organisasjonen Moster 2024. Slottet har nyleg informert dei om at Kronprinsen kjem til å delta ved jubileumsarrangement på Moster 1. juni.

– Dette blir eit veldig flott løft for 1000-årsfeiringa for Kristenretten, melder styreleiar i jubileumsselskapet Moster 2024 AS Per Bjørn Habbestad.

– Til 900-årsjubileet i 1924 kom hans oldefar H.M. Kong Haakon Vll, så det er ein flott symbolikk over det heile at H.K.H. Kronprins Haakon kjem til Moster i 2024.

Kong Haakon var blant gjestane då kristenretten hadde 900-årsjubileum på Moster i 1924. Foto: Moster 2024

Ei anerkjenning

Ordførar i Bømlo, Morten Helland, er stolt over det komande besøket.

– Bømlo kommune ser med glede fram til å igjen få besøk av Kongehuset, no ved H.K.H. Kronprins Haakon. Det er også ei anerkjenning av kor viktig tusenårsfeiringa av kristenretten er.

I 2024 er det 1000 år sidan innføringa av Kristenretten i Noreg. Dette skjedde på Mostratinget på Bømlo, sett av Olav Haraldsson (Olav den Heilage) og Bisp Grimkjell i år 1024.

Kronprins Haakon på Stord i 2023. Foto: Jonas Sætre

Innføringa av Kristenretten sette i gong ei omfattande og radikal samfunnsomvelting. Den markerte byrjinga på ei ny tid, med auka menneskelege omsyn og sterkare rettsvern for individet, og blir rekna som starten på statsdanninga for Noreg som nasjon.

Sist gong Kronrpins Haakon vitja Sunnhordland var i februar 2023. Her kan du sjå bilete frå dette besøket.