– Me ønskjer å informera om at me i starten av mars har hatt ein krevjande situasjon ved vårt smoltanlegg Kjærelva i Fitjar, opplyser dagleg leiar Morten Fjæreide i selskapet.

– Me mistenkjer at det har vore utfordringar med vasskvaliteten, og at det diverre har ført til at 490.000 smolt ikkje har overlevd.

Andre hending på kort tid

Totalt hadde anlegget 1,9 millionar smolt i nalegget. Det betyr altså at ein fjerdedel av døydd.

Hendinga kjem berre eit halvt år etter ei annan alvorleg hending ved anlegget. I oktober i fjor mista anlegget nærmare 1,9 millionar smolt som var klare for å setjast i sjøen.

Fjæreide seier dei tek den nye hendinga på alvor.

– Me tek denne hendinga svært alvorleg og har meldt saka til Mattilsynet. Fagfolka våre samarbeider med eksterne kunnskapsmiljø for å finna rotårsaka.

Morten Fjæreide er dagleg leiar i Lerøy Sjøtroll. Foto: privat

Kjenner ikkje årsaka

Han kan førebels ikkje seia kva årsaka til massedøden er.

– Sjølv om me har kontroll på situasjonen no, er det for tidleg å seia noko om årsaka og å gå meir detaljert i hendingsforløpet. Me forsikrar om at me tek vårt ansvar i denne situasjonen, og me fokuserer no på å sikra helsa til gjenverande fisk og førebygga fleire hendingar.

Ifølgje bransjeavisa Landbased AQ vil Matttilsynet gjennomføra tilsyn ved anlegget denne veka.

Fjæreide legg ikkje skjul på at dei to hendingane med massedød har prega arbeidsmiljøet.

– Dette har vore krevjande for våre tilsette. Eg er stolt over dei tilsette som har vist handlekraft og raskt fekk kontroll på situasjonen. Me er fast bestemte på å trekkja verdifulle lærdommer av denne situasjonen.