Foto: Kværner
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein ny rapport frå Hordaland fylkeskommune viser at dei oljerelaterte næringane kan ha reagert for hardt på det store fallet i oljeprisen i 2014.

Prisen på nordsjøolje stupte hausten 2014, og nådde botn i januar 2016. Det skapte som kjend oljekrisa, som førte til høg arbeidsløyse og mange permitteringar, slik som på Stord.

I den nye rapport frå Hordaland fylkeskommune har ein analysert korleis produksjoenn i verftsindustrien har blitt påverka av dette fallet. Det vert konkludert med at større oljepris- og ordreendringar ikkje får umiddelbare konsekvensar, men skjer gradvis over to år.

– At optimismen i bransjen no stig igjen er ei stadfesting av dei analysefunna me har gjort, seier fylkesdirektør for regional utvikling, Bård Sandal.

Fylkesdirektør for regional utvikling, Bård Sandal. Foto: Hordaland fylkeskommune

Optimist for framtida

Med ein botnpris for olja i januar 2016, var det dermed ikkje før i år at verftsindustrien var tilbake i same takt som før.

– Rapporten frå fylkeskommunen viser at verftsindustrien skal ha tilpassa seg det kraftige oljeprisfallet innan første kvartal i år. Optimismen me ser no kan sporast tilbake til prisauken som starta i 2016, seier Sandal.

- Annonse -

Med ein oljepris som i dag ligg i overkant av 70 dollar fatet ser han lyst på tida framover.

– Dagens pris på over 70 dollar fatet vil truleg gje aukande optimisme dei neste to åra.

Han meiner at dei oljerelaterte næringane kanskje reagerte litt for hardt på prisfallet i 2014.

Rapporten konkluderer med at oljeprisen spelar ei viktig rolle for korleis verftsindustrien gjer det, men så lenge prisen held seg over break-even-nivået, treng ikkje variasjonen i oljeprisen påverke aktiviteten i næringa.

– Dramatikken, og dei store endringane, oppstår når prisen varierer innan eit prisleie som trugar lønsemda, slik næringa opplevde i 2015-2016, står det i rapporten, som kan lesast her.

Løftar fram klyngesatsing i Sunnhordland

Sjølv om det no er optimisme i næringa, meiner Sandal at ein likevel må vere førebudd på nye kriser.

– Me må heile tida vere budd på omstilling. Den omstillingsprosessen som verftsindustrien i Sunnhordland no gjennomgår bør ikkje stoppe opp, sjølv om verfta no kan puste litt med magen, seier Sandal.

Han peiker spesielt på industrinettverket Atheno sitt arbeid med å utvikle nytt klyngesamarbeid rundt dei store industriaktørane i Sunnhordland med fokus på auka digitalisering og robotisering.

– Klyngesatsinga, som også skal gi fagarbeidarar, teknikarar og ingeniørar betre kompetanse til å jobbe i framtidas digitaliserte industri, vil gjere bedriftene mindre sårbare og betre skodd til å møte nye utfordringar i framtida.

- Annonse -