Det var spektakulære inntrykk å sjå på Stord i sommar under monteringa av Hywind-turbinane. No ønskjer Statoil å bygge 300 nye møller. Foto: Statoil
- Annonse -

På tre timar blei den første vindturbinen i natt kopla saman utanfor Eldøyane. Nu ruvar giganten på 258 meter i fjorden før slepinga startar seinare i sommar.

– Operasjonen gjekk veldig fint. Me nytta høvet i går kveld då det var vått med lite vind og bølgjer. Roleg vêr er ein føresetnad for denne operasjonen, så når me såg at vêrmeldinga var god så sette me i gang operasjonen, fortel pressekontakt i Statoil, Elin Isaksen.

Giganten Saipem 7000, som er verdas nest største løftefarty, sto bak operasjonen som tok rundt tre timar frå løftinga ved Stordbase til monteringa på understellet som sto klart nokre hundre meter ut i fjorden.

Venta på godt vêr

Foto: Andy Livingston

– Sjølve løftet tok berre tre timar, men i forkant var det ein del timars førebuingar. Det er fordi me måtte montere ramma øvst på turbinane og nytte waiarar for å stabilisere strukturen. Det tek jo litt tid i og med at dette var første gongen.

Og det tek ikkje lange tida før den turbin nummer to står for tur.

- Annonse -

– No er me klare for å løfte dei fire andre som står att. Me ser vêret litt an og tek det fortløypande, men me vonar me får løfta ein til denne veka, seier Isaksen.

God framdrift

– Førebels ligg me godt an, og det er eit utruleg spennande prosjekt og me er jo kjempeglade for å sjå den første turbinen til havs. Dette er jo verdas første flytande vindpark, så då er det godt å sjå at ting kjem seg til sjøs slik det skal

Når alle dei fem turbinane i ferdig monterte vil dei bli slept ut over Nordsjøen og ut mot Skottland, ca. 25 kilometer frå land. Tauinga vil ikkje skje før på seinsommaren.

Kvar av turbinane måler 258 meter, 80 meter under vann og 178 meter over vatn.

Foto: Andy Livingston

- Annonse -