Stord-ordførar Gaute Epland, Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø og Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe er samd om sørleg kryssing over Langenuen. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Parallelt med innkorting av ferjesambandet mot Kvinnherad, vil ordførarane i Stord, Tysnes og Kvinnherad no jobbe for byggng av flytebru mellom Sunde og Huglo.

Ordførarane i Stord, Kvinnherad og Tysnes var forrige veke i Oslo, der dei møtte politisk leiing i samferdselsdepartementet for å presentere ein ny raport utbarbeida av Norconsult.

Rapporten konkluderer med at samfunnsnytten av brusamband over Langenuen vil auke monaleg dersom ein vel sørleg kryssing og i framtida får på plass eit ferjefritt samband mot Kvinnherad. Då kjem sørleg kryssing ut vesentleg betre enn midtre kryssing.

– Mest framtidsretta med ferjefritt samband

Trass i at det parallelt er ein prosess for å korte inn ferjesambanda mellom Stord og Kvinnherad, meiner ordførarane at det likevel er mest framtidsretta med eit ferjefritt samband.

– Realisering av Hordfast kan opna for dette, og dei tre ordførarane ønskjer difor parallelt med at ein arbeider for eit betre ferjesamband, gjer eit grundig utgreiingsarbeid av eit ferjefritt alternativ, skriv ordførarane i ei pressemelding.

Ordførarane har no teke initiativ til eit møte med fylkeskommunen for å drøfte korleis eit slikt utgreiingsarbeid skal gå føre seg.

Flytebru frå Sunde til Huglo

- Annonse -

Men allereie no har presenterer dei eit konkret alternativ om brukryssing. Det går ut på eit flytebrualternativ over Husnesfjorden mellom Sunde-området og Huglo. Dette sambandet har fått namnet «Kvifast».

– For å få på plass eit ferjefritt samband mellom Kvinnherad og resten av Sunnhordland er det mange føresetnader som må på plass, og føremålet med å no starta eit utgreiingsarbeid i offentleg regi er å slå fast om føresetnadane er til stades eller ikkje.

Noko av det som må på plass er kva potensiale som ligg i ferjeavløysingsordninga. Stord24 skreiv tidlegare i dag om at samferdselsdepartementet ikkje vil bruke slike midlar på å korte inn ferjesambandet.

– Dersom ein finn at føresetnadane er til stades, det vil sei at kombinasjonen av ferjeavløysingsmidlar, bompengepotensiale og eventuell annan finansiering strekk til for å realisera eit ferjefritt samband, vil eit neste steg i prosessen vera vidare naudsynt utgreiing av løysingsalternativa og deretter oppstart av kommunedelplan, skriv ordførarane.

- Annonse -