Ordførar Gaute Epland (Ap) jublar over Castberg-kontrakten. Foto: Stord kommune
- Annonse -

Ordføraren jublar over storkontrakten til Kværner, og har no tru på mange gode år for næringslivet Stord.

«Gratulerer med dagen! Gratulerer Kværner og alle tilsette! Gratulerer Stord og Sunnhordland!På rådhuset er flagget allereie heist til topps!»

Flagget er allereie heist til topps i rådhuset. Foto: Gaute Epland

Dette skriv ordførar Gaute Epland (Ap) på Facebook. Epland er godt nøgd med at det vil vere ny aktivitet på Kværner i fleire år framover i tid.

– Igjen har Kværner drege i land ein milliardkontrakt. For Kværner betyr det at den store aktiviteten ved verftet vil halda fram også etter Johan Sverdrup og Njord er ferdigstilt i 2019/20. Det betyr òg at ein vil gjennomføra investeringa i nytt kaianlegg som vil styrka konkurransekrafta og gje nye moglegheiter for ulike typar oppdrag i framtida.

Epland trur me alle no kan glede oss over gode år for næringslivet i fleire år.

– For Stord og Sunnhordland betyr Castberg-kontrakten – med dei ringverknadene me veit dette skaper – at den positive trenden me har sett i næringslivet det siste året, etter alt å dømma vil halda fram – og at me kan sjå fram til fleire år med stabilt høg sysselsetting, låg arbeidsløyse og optimisme, skriv Epland.

Slik reagerer andre på storkontrakten på sosiale media:

- Annonse -

Stord Høgre gratulerer Kværner og hele Stord-samfunnet med milliardkontrakten for leveranse av modulene til…

Posted by Stord Høgre on 12. februar 2018

Gratulerer til ansatte i Kværner og alle andre i Sunnhordland/ Norge! For oss som ser verdien av Norsk oljeutvinning og…

Posted by Sigbjørn Framnes on 12. februar 2018

Ein glad-dag, veke, månad, år👍Sunnhordlandsindustrien leverer igjen- gratulerer, Kværner

Posted by Liv Kari Eskeland on 12. februar 2018

- Annonse -