No kan du få pølser på billigsal. Foto: Wikipedia (CC-lisens)

Den nye pølseappen skal forhindre matsvinn frå kioskar og bensinstasjonar. YX-stasjonane på Heiane og i Sagvåg er blant dei som er først ut.

Det er gründeren Kurt Falch Stokke frå Sunnmøre som har utvikla «Pølseappen» som skal hindre at det vert kasta mat ved kioskar og bensinstasjonar i Norge, skriv Bergens Tidende.

Før matvarane skal kastast vil det gå ut eit varsel til brukarane som har lasta ned appen om at dei kan kjøpe produktet til lågare pris.

– Det årlege matsvinnet er heilt vanvittig. Kiosknæringa og bensinstasjonane står kvart år for at 70.000 tonn mat går i boset. I dette talet ligg pølser, calzone, pizza, baguetter, bollar og mykje anna, seier Stokke til BT.

Heiane og Sagvåg

Ein av bensinstasjonkjedene som har blitt med på prosjektet er YX. I Hordaland er sju av YX-stasjonane med på appen, blant anna dei to stasjonane på Heiane og i Sagvåg.

– Eg har nettopp vore i Sagvåg og hatt eit møte med dei to stasjonssjefane om dette her. Det kom litt fort på oss, og me var ikkje heilt førebudd på at det skulle bli så mykje mediemerksemd før me var klar, fortel John Einar Thorbjørnsen, som driv YX-stasjonane på Stord.

– Kvifor er de med på dette prosjektet?

– Me har satt oss villig til å vere med i eit pilotprosjekt for å teste ut om kundane våre er interessert i dette. Me liker jo ikkje å be kundane våre å kome å kjøpe dårleg mat, men det er jo sjølvsagt tider på døgeret me skulle ønske oss å få opp rulleringen for at maten ikkje vert dårleg, slik at ikkje pølsene blir liggande så lenge at dei blir kasta.

Bensinstasjonen YX på Heiane er ein av stasjonane som er med på pilotprosjektet. Foto: Google

Appen er klar

Thorbjørnsen forklarar at dei sel mykje pølser om morgonnen og så går det nokre timer med dårleg sal, og så sel dei mykje til lunsj.

– Då kunne me kanskje gi eit ekstra tibod i dei rolege timane, slik at me har ferske pølser klare når me sel mykje.

Pølseappen er allereie klar til nedlasting, og du kan allereie få kjøpe pølser til ein billig penge.

– Me er allereie i gang. No har me alle pølser til 29 kroner, og til vanleg kostar dei frå 35 opp til over 70 kroner.

Svært mykje matkasting

Den daglege leiaren for bensinstasjonane seier han er glad for å bidra til det store problemet med matsvinn i Norge. I følgje tal frå Østlandsforskning er det i Norge eit matsvinn som tilsvarar eit økonomisk tap på meir enn 20 milliardar kroner kvart år.

– Dette er eit interessant prosjekt fordi daglegvarebransjen har gjort mykje for å få redusert matsvinn. Men i vår bransje har det ikkje blitt gjort noko som helst med dette. Å kunne gi gode tilbod til kundane før maten vert kasta vil jo hjelpe alle.