Illustrasjonsfoto: Pixabay
- Annonse -

Alle kommunane i Sunnhordland og på Haugalandet har i dag oppheva bål- og grillforbodet.

I dei siste vekene har det vore ekstrem skogbrannfare i heile Sør-Norge som følgje av det tørre klimaet.

Difor innførte alle kommunane tilknytta Haugaland og Sunnhordland 110-sentral forbod mot å grille i og i nærleiken av skog og utmark, inkludert grill- og bålplassar.

Det haldt nesten på å gå gale på Huglo for eit par veker sidan, då det braut ut ein litan skogbrann. Heldigvis var lokalt mannskap raskt på plass og fekk slukka brannen før det gjekk skikkeleg gale.

No har regnet endeleg kome, og skogbrannfaren er dermed over for denne gong.

– Forbodet er difor oppheva, men me gjer merksam på at det i tidsrommet 15. april til 15. september er forbode å gjere opp ild i eller i nærleiken av skog og anna utmark utan løyve frå kommunen, seier Øystein Fonnes frå brannvesenet i Haugesund i ei melding.

- Annonse -