Lovlydige menn brenner bråte i Moahangen siste dagen det var lov i vår. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -

Norsk Friluftsliv minner om at det frå 15. april til 15. september er forbode å gjera opp eld nær skog og i all anna utmark utan løyve frå kommunen.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

I 2016 kom det nye regler som opnar for at du sjølv kan vurdera om det er trygt å tenna bål eller ikkje.

Bålforbudet blei i 2016 utvida frå å berre gjelda i og rundt skogsmark, til å gjelda i ALL utmark.

Samtidig seier dei nye reglane at du likevel kan tenna bål der det openbert ikkje kan medføra brannfare – det er lov å bruke hovudet, men det krev stor grad av aktsemd, sier Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv, ein paraplyorganisasjon for 16 norske friluftslivsorganisasjonar.

Bålet – ein viktig del av friluftslivet

I Noreg er bålet sjølve symbolet på friluftslivet og er ein viktig del av allemannsretten. Å samlast rundt eit bål er ein viktig del av vår kultur – sjølv om det er restriksjonar på båltenning store delar av året.

- Annonse -

– Allemannsretten gir oss lov til å gjere opp eld i naturen. Men ikkje kor som helst, og ikkje når som helst. Retten til å tenna bål er regulert av Forskrift om brannforebygging, seier Lasse Heimdal.

Kva betyr dei nye reglene i praksis?

«Dobbeltheten» i dei nye reglane kan vera forvirrande. Bålforbodet trer framleis i kraft 15. april og varer til 15. september, og er utvida til å gjelda ALL utmark. Forbodet omfattar dermed snaufjell, holmar og strandområde. Det betyr at det eigentleg er ulovleg å tenna bål i fjæra, på skitur eller ved eit vatn i skogen.

– Men samtidig opnar den nye forskrifta for at ein kan bruka hovudet og likevel tenna bål – dersom det openbart ikkje kan medføra brannfare, for eksempel på snø eller når det har regna mykje.

Selv om de nye reglene kan være forvirrande, er bodskapen frå Norsk Friluftsliv enkel:

– Vi oppfordrar det norske folk til å nyta våren og sommaren med mykje friluftsliv – men ønskjer du å tenna bål, er det viktig å vita kva reglar som gjeld.

Les reglane i forskrifta

Forbodet mot å brenna bål går fram av «Forskrift om brannforebygging», som gjeld frå 1. januar 2016. Heile forskrifta kan du lesa på Lovdata.no. Brannvernforeininga sine kommentarar til «Forskrift om brannforebygging» kan du lesa på heimesida til Fitjar kommune.

På nettstaden skogensbrannvoktere.no finn du enkle reglar for trygg bruk av eld i skogen.

Me oppmodar publikum om å følgja reglane, og minner om at det kan vera lurt å ta ein telefon til brannvesenet på førehand dersom du har planar om å fyra opp bål.

- Annonse -