- Annonse -

På det smalaste var det berre 30 centimeters margin då den 26.000 tonn tunge Njord-plattforma i helga vart lirka ut av Kværner sin tørrdokk på Stord.

I helga vart det utført nok ein stor operasjon på Kværner sitt verft på Stord. Plattforma Njord vart forsiktig lirka ut av dokken, etter å ha vore sidan desember.

– Operasjonen gjekk veldig bra, og det var sjølvsagt knytt litt spenning til den, i og med at det var såpass trongt å kome ut av porten. Det var ikkje noko meir klaring under plattforma enn kva me måtte ha. Difor måtte dette gjerast då det var høgvatn, fortel Odd Naustdal, som er kommunikasjonssjef i Kværner.

Sjå den spektakulære videoen øvst i saka.

Tok nokre timar

Det tok ikkje meir enn to-tre timar frå plattforma begynte å bevege seg til den var på plass ved kaien. Deretter begynte fortøyingsarbeidet som haldt fram til utpå morgonkvisten laurdag.

- Annonse -

– No skal resten av jobben gjerast. Me har flytta den over til kaien, og der skal den ligge resten av tida den er på Stord, fram til våren 2020. Resten av jobben som skal gjerast går på oppgradering av skroget, vidare oppover mot søylene og alt arbeidet som skal gjerast på plattformdekket. Så det er framleis ein omfattande jobb som står framføre oss.

Johan Sverdrup i kø

Arbeidet som så langt har blitt gjort på Njord er å auke plattforma sin flyteevne, mellom anna ved å utvide og forsterke skroget. At plattforma no måtte ut av dokken har samanheng med at Johan Svedrup-plattforma, som no er under bygging i Stord-hallen eit steinkast i frå, ventar på å kome til.

– Dette måtte gjerast no, sidan Johan Sverdrup ventar på å kome til. No driv me å løftar på seksjonar i Stord-hallen. Etter kvart vil den vekse seg ut av hallen, og i løpet av hausten vil den flyttast ut på lekter i dokken.

– Det blir eit imponerande syn med Johan Sverdrup og Njord side om side?

– Jau, det er sånn me likar å ha det.

Ekstra utfordrande

Det vidare arbeidet med Njord-plattformen, som i si tid blei bygd på Stord for over 20 år sidan, vil vere ein operasjon som treng nøye planlegging.

– Det er ein jobb som ikkje er heilt ukomplisert ved at det er både eit nybyggprosjekt og eit demoleringsprosjekt samtidig. Normalt byggjer me jo noko frå botnen, men her er det noko som skal resirkulerast og takast vekk, noko skal brukast om att og noko skal byggast på nytt. Det gjer prosjektet hakket meir spennande og utfordrande, og då er det jo kjekt at alt har gått etter planen så langt.

- Annonse -