- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Dersom Øvrebygda skule blir lagd ned vil elevane på skulen miste eit godt skuletilbod, kjennskap til eige nærmiljø, tilhøyrighet til bygda og samhald mellom alle ungane i bygda.

Av: Anja M. Austlid,
styret i Øvrebygda Vel

Den nye skulebruksplanen for Fitjar kommune er i desse dagar lagt ut på høyring. Av høyringsutkastet går det fram at kommunen ynskjer å gjera store endringar i den noverande skulestrukturen i Fitjar for å spare pengar. Det ser ut til at både Øvrebygda skule og Selevik skule i Dåfjorden vil bli kraftig berørte av kommunen si trong for innsparing. Det såkalla null-alternativet, som gjekk ut på å la både Øvrebygda skule og Selevik skule få vera slik dei er i dag, er no stroke frå lista. Administrasjonen i Fitjar kommune har innstilt nedlegging av både Øvrebygda og Selevik som det alternativet dei tilrår.

Av ulike årsaker er Fitjar kommune no inne i ein periode der den økonomiske situasjonen er krevjande.  Me tviler ikkje på at det er naudsynt med innsparingar, men at nedlegging av Øvrebygda og Selevik skal vera ein god måte å gjennomføre desse innsparingane på er me sterkt uenige i.

Nedlegging av Øvrebygda skule vil ikkje berre få konsekvensar for elevane sin skulekvardag og elevane sitt læringsmiljø. Ei slik nedlegging vil få svært alvorlege konsekvensar også for nærmiljøet. Øvrebygda er ikkje berre ein skule, skulen er også den einaste religiøst uavhengige samlingsstaden me har i Øvrebygda. Gymsalen vert nytta som treningslokale for Fitjar Shotokan Karateklubb, Gubbatrimmen og bygda sitt eige volleyballag. Øvrebygda 4 H nyttar skulen som base for sine aktivitetar. 4 H har nyleg hatt distriktssamling som vart lagt til Øvrebygda skule. Kvart år vert det også arrangert 17. Mai-feiring, juletrefest og ei veldedighetstilstelning ved namn «Kveldaseta» for heile bygda. Vidare vert også uteområdet rundt skulen, og då særleg ballbingen, nytta av born og unge i nærmiljøet etter skuletid. Gymsalen ved Øvrebygda skule vert også nytta som lokale for mellom anna konfirmasjonar, barneselskap og barnedåp. Øvrebygda skule er ikkje berre samlingspunkt og møtestad for alle innbyggjarane i bygda, skulen er også ein sentral arena for frivilleg virke og kulturarbeid. Mykje av Øvrebygda sin identitet er knytt til skulen.

Øvrebygda har fram til i dag vore ei bygd med eit levande lokalsamfunn, mange gode tilbod innan fritidsaktivitetar og ikkje minst ein trygg og god nærskule.

- Annonse -
- Annonse -

Mange av dei som har valt å busette seg i Øvrebygda har gjort dette fordi dei verdset tilhøyrigheita til lokalsamfunnet, og fordi dei set pris på at ungane deira kan gå på ein liten, men god skule.

Ved Øvrebygda er det per i dag 56 elevar. Elevtalet fører til at det blir mykje samarbeid på tvers av alderstrinn mellom både klassar og elevar. Dei små får hjelp og trygging av dei store, og dei store opplever glede og meistring over å kunne hjelpe dei små.  Små klassar inneber at det er få elevar per lærar, noko som gjer at elevane får svært god oppfølging. Dei slepp å kjempe om merksemda til læraren, dei blir sett og høyrt.

Øvrebygda skule har også sterk tilknytting til lokalmiljøet. Skulen nyttar nærområda aktivt, ved mellom anna fjellturar til Surefjellet like ved skulen, hyppig bruk av lokale turstiar og turar til gardsbruk i nærleiken der elevane får helse på ulike gardsdyr. Før sommarferien i år hadde heile skulen ei felles utflukt der alle elevane blei skyssa med båt ut til Koløy. Der fekk elevane padle i kano, fiske, trekke garn og teiner og mykje anna. Både foreldre og besteforeldre frå bygda var med og hjap til slik at skulen fekk høve til å gjennomføre denne utflukta.

Dersom Øvrebygda skule blir lagd ned vil elevane på skulen ikkje berre miste det gode skuletilbodet dei har i dag. Dei vil også miste kjennskap til eige nærmiljø, tilhøyrighet til bygda og samhald mellom alle ungane i bygda på tvers av alderstrinn.

Dersom dei blir flytta til Rimbareid vil dei ikkje lenger ha ein skule dei kan gå eller sykle til. Dei vil heller ikkje ha nokon garanti for at dei vil ha høve til å gå eller sykle til flesteparten av vennene og klassekameratane som dei har på skulen. Desse momenta representerer verdiar som ikkje kan målast i kroner og øre.

Det finst også fleire ting ein ikkje kan måle verdien av i kroner og øre. Borna sin rett til leik, kvile og fritidsaktivitetar kan ein heller ikkje sette prislapp på. Denne retten er heimla i FN sin Barnekonvensjon, nærare bestemt i artikkel 31. Kommunen har i si utgreiing om spørsmålet om nedlegging av Øvrebygda skule lagt til grunn at elevane i Øvrebygda kan skyssast til Rimbareid skule i Fitjar sentrum på 15 minutt. Dette stemmer ikkje.

Ungdomsskuleelevane som er busett i Øvrebygda vert i dag skyssa til Rimbareid skule. Dei opplyser at omlag 50 – 60 minutt av ein skuledag går med til skyss til og frå skulen, avhengig av kor i bygda dei bur. Dersom alle born i skulealder frå Øvrebygda og Selevik skal skyssast med buss til Rimbareid, er det grunn til å tru at skysstida vil auke ytterlegare på grunn av fleire stopp og meir venting.

Skuletida vil vere den same, uavhengig av kor lang tid elevane bruker på å komme seg til og frå skulen, reisetida vil difor representere eit dramatisk innhogg i den tida elevane disponerer til leik og fritid.

Dersom flytting av elevar frå Øvrebygda til Rimbareid likevel medfører innsparingar for kommunen er det ikkje umogleg at dette alternativet er det beste for kommunebudsjettet.  Det seier seg imidlertid sjølv at ei slik løysing ikkje er til det beste for borna. Når ein skal vurdere  kva som er det beste for borna må ein også ta omsyn til standarden og kvaliteten på vegen som skal nyttast til skuleskyss, og servicenivået på skulebussen.

Slik det er no vert ungdomsskuleelevane frå Øvrebygda skyssa til Rimbareid via Hellandsvegen. Denne vegstrekninga er svingete og uoversiktleg. Mange stader er vegen svært smal, og store deler av vegstrekninga er ikkje opplyst då det manglar gatelys. Kommunen sparer kanskje nokre kroner på å flytte elevane, men det er ikkje vanskeleg å sjå at i dette scenarioet er det ungane som sit igjen med Svarteper.

- Annonse -

I følge opplæringslova kapittel 9 a har alle elevar i Noreg rett på eit  godt skulemiljø. Kommunen er ansvarleg for at alle borna i kommunen får eit tilfredsstillande skuletilbod. Etter vårt syn pliktar difor kommunen å ta omsyn til kva som er til det beste for elevane i kommunen, og ikkje avgjere spørsmålet om nedlegging av nærskulane i Fitjar utelukkande på grunnlag av kva som er til det beste for kommunen sin økonomi.

Elevar som er trøytte og slitne etter reisa, eller gruer seg til reisa til og frå skulen, kan få redusert læringsutbytte. Lang skyss på dårlege vegar med dårlege transportmiddel kan i verste høve gå ut over læringsmiljøet, noko som er i strid med opplæringslova. Dersom dei yngste elevane frå Øvrebygda skal skyssast til Rimbareid vil ein også måtte stille høge krav til servicenivået på skuleskyssen.

Dei minste borna er altfor små til sjølv å ta ansvar for at dei kjem seg på bussen til rett tid, og at dei kjem seg av og på på riktig stoppestad. Å vere lang tid utan tilsyn på skuleskyssen kan også gi auka risiko for mobbing. Dette er skulen, altså til sjuande og sist kommunen, sitt ansvar. Utdanningsdirektoratet har i Rundskriv nr 3-2017 presisert at dersom tilhøve på skulevegen gjer at ein elev ikkje opplever at det er trygt og godt å vera på skulen, har skulen plikt til å hjelpe eleven.

Me er mange som meiner at Øvrebygda har mykje å by på. Området ligg landleg og fint til, og bustadprisane er låge samalikna med prisane i meir sentrale strøk. Dersom styringsrenta går opp er det nærliggande å tru at ein vil kunne sjå ei utvikling der fleire unge i etableringsfasen vil sjå til utkantane når dei skal velje kor dei vil busette seg. Ei slik utvikling vil heile Fitjar vil kunne nyte godt av, men dette føreset at nærskulane får halde fram som i dag.

Auka tilflytting vil føre til vekst og utvikling i heile kommunen. Men for at Øvrebygda skal fortsette å vere ein stad der folk ynskjer å bu må me å få behalde nærskulane. Ein kan ikkje vente at småbarnsfamiliar i etableringsfasen skal busetje seg i ei bygd der ungane deira må skyssast med buss i opp mot ein time kvar dag for å komme seg til og frå skulen, allereie frå dei er 5-6 år gamle. Dette vil vera ein stor belastning for ungane.

Dersom begge foreldra er i arbeid, og ungane treng SFO, vil det også by på store praktiske vanskar. Dei som har arbeidsstaden sin på Stord-sida, eller andre stader, vil då måtte køyre til Fitjar for å levere barnet sitt på SFO, for så å køyre til arbeidsstaden, for så å måtte køyre tilbake Fitjar igjen etter endt arbeidstid for å hente barnet sitt på SFO før dei kan køyre heim etter endt arbeidsdag.

Mange av dei som er busett i Øvrebygda og i Dåfjorden har arbeidsstad på Leirvik. Begge stader er det også ein del yngre tilflytta innbyggarar som kjem frå andre kommunar og distrikt. Dersom bygdene mister nærskulane er det svært truleg at mange av innbyggarane vil begynne å sjå seg om etter andre stader å bu. Nedlegging av nærskulane kan fort bli eit tapsprosjekt for Fitjar kommune dersom nedlegginga fører til fråflytting frå distrikta til andre kommunar, i tillegg til redusert tilflytting til Fitjar. Reduksjon i innbyggartalet i kommunen medfører reduksjon i inntekter og statlege overføringar.

Eit anna viktig moment som ein bør ta stor omsyn til når ein skal ta stilling til om nærskulane skal leggast ned eller ikkje, er kva signal nedlegging av nærskulane vil sende til folk i nærområda. Dersom Fitjar kommune vel å legge ned Øvrebygda og Selevik vil dei samstundes gi born og ungdom i Øvrebygda og Dåfjorden, og også både unge og gamle i nærområda, inntrykk av at bygdene i Fitjar ikkje har noko å tilby. Signaleffekta her er sterk, og den vil føre til at færre vel å flytte til Fitjar, og til at fleire born og unge frå bygdene i Fitjar vel å flytte ut av kommunen for å etablere seg.

Det er ikkje lenge sidan Sparebanken Vest sin filial på Fitjar vart stengt. Det er heller ikkje lenge sidan Joker Rydland vart nedlagd. Dersom nærskulane forsvinn kan omverda raskt bli sittande igjen med eit inntrykk av at Fitjar er ein risikabel stad å busetje seg, då tilboda til innbyggarane står i fare for å forsvinne ein etter ein.

Me har forståing for at den økonomisk situasjonen i Fitjar gjer det naudsynt med innsparingar. Me har og forståing for at elevane på Øvrebygda skule og Selevik skule kostar meir per elev enn elevane på Rimbareid skule gjer. Me håpar likevel at kommunen vil snu alle steinar for å finne ein annan måte å gjennomføre dei naudsynte innsparingane på.

Fitjar kommune legg i sitt framlegg om nedlegging til grunn at det er kort reisetid mellom Øvrebygda og Rimbareid, slik at mangel på skule i bygda ikkje vil vera noko sterk «avstøtingsmekanisme» for framtidig busetting. Dette er me sterkt uenige i. Dessutan er det også slik at elevane på Øvrebygda skule vil koste meir per elev enn elevane på Rimbareid uansett, då det vil medføre omfattande utgifter til skuleskyss dersom dei vert flytta til Rimbareid.

På grunnlag av kommunen sine påstandar om at det vil ta 15 min kvar veg med skuleskyss frå Øvrebygda til Rimbareid er me urolege for at saksutgreiinga på dette området er mangelfull frå kommunen si side. Me er også svært urolege for at kommunen undervurderer verkninga nedlegging av grendeskulane vil ha for innbyggjartalet i Fitjar.

Øvrebygda har hatt skule sidan 1867, og skulen er ein svært sentral del av bygda sin identitet. Dersom skulen blir nedlagd er dette noko som vanskeleg lar seg reversere.

Samhald og identitet i Øvrebygda, som er bygd opp igjennom mange mange år, vil gå tapt. Nedlegging vil også få svært alvorlege konsekvensar for borna i bygdene i form av tap av fritid og tap av høve til å gå eller sykle til skulen.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -