Anne-Grete Sandtorv (i midten) er dagleg leiar i Stord næringsråd. Saman med dei andre næringsforeningane i Haugesund, Bergen og Stavanger blir dei no Hordfast-aksjonærar.
- Annonse -

Styret i næringsforeningane har vedteke å gå inn med til saman 120.000 kroner i pådrivarselskapet Hordfast AS.

– Me har gått inn med 20.000. Det er jo for å markere at Hordfast er viktig for oss og at me støttar prosjektet. Det er jo ein av dei tinga me har jobba mykje med i Vestlandsalliansen for å få både Hordfast og Rogaland på plass, seier Anne-Grete Sandtorv i Stord næringsråd.

Totalt har dei fire næringsforeningane gått inn med 120.000 i eigenkapital i selskapet.

– Viktig å bidra

Sammen med ei rekkje kommuner, blant dei Stord, Fitjar, Tysnes og Os, og arbeidsgivarforeninga NHO, er dei no blant aksjonærane i Hordfast-selskapet.

– Når dette selskapet vart stifta var det jo NHO som var eigar. Så har dei invitert inn kommunar, og dei synest det er viktig at me går inn, seier Sandtorv.

Ho får støtte frå administrerande direktør Egil Severeide i næringsforeninga Haugalandet.

- Annonse -

– Hordfast er viktig for oss. Det er ein av tre grunnpilarar me bygger visjonen vår på om å skape Vestlandets knutepunkt. Rogfast og E134 er dei to andre, seier Severeide.

Svært viktig strategisk posisjon

Han har store forventningar til at storprosjektet vert ferdig realisert i løpet av 2020-talet.

– Går det som me håper kan både Rogfast, Hordfast og store deler av E134 over Haukeli vere ferdig utbygd i løpet av 2020-tallet. Det gir oss på Haugalandet og Sunnhordland ein svært viktig strategisk posisjon i den mest vekstkraftige aksen langs norskekysten, seier  han i pressemeldinga.

- Annonse -