Pengane frå årets TV-aksjon blir mellom anna brukt til at barn på flukt skal få gå på skule. Foto: Unicef
- Annonse -

LESARBREV: Stord Ungdomsråd har vedteke å løyve 14.000 kroner til årets TV-aksjon, og oppmodar Stord24 sine lesarar om å vere gåvmilde når bøsseberarane kjem.

Av: Ulvar Akselsen, Stord Ungdomsråd

I dag er over 65 millionar menneske drevet på flukt, og halvparten er barn. I dag bur det over 22 millionar barn mellom 6 og 11 som ikkje går på skule i konfliktramma områder.

Alle desse barna treng hjelp, og me som bur i eit av verdens rikaste land har ansvar for å hjelpa dei som er mindre heldige. Barn i land som Colombia, Mali , Syria, Pakistan og Sør-Sudan blir fråteke retten sin til skule og utdanning.

Dei tala du nett las er dystre tal, tal me må gjera noko med. Pengane som blir samla inn til årets TV-aksjon går til UNICEF sitt arbeid for å gi utdanning til krigsramma barn.

Dette er eit så viktig og grunnleggande behov og difor har me i Stord Ungdomsråd samrøystes vedteke at me vil donera 14.000 kroner til årets TV-aksjon.

- Annonse -

Detta gjer me på det enkle prinsippet at me er eit av verdas rikaste land, og MÅ hjelpe dei som er mindre heldige en oss. Dette er ei humanitær krise og alle som kan burde hjelpe dei som treng det som mest.

Desse barna har fått fråteke framtida si, og via skula og undervisning kan me sakte men sikkert gi dei den tilbake. Derfor oppfordrar me deg som lesar å gi litt til bøsseberarane som kjem søndag 22.10.17 mellom klokka 16:00 og 18:00, og viss du har tid meld deg gjerne som bøsseberar.

- Annonse -