Av: Anne Solberg Andersson, mamma og lærar, Os

Samfunnet har dei siste åra endra seg enormt. Det merkast overalt, og kanskje spesielt i skulen. Mobbetala aukar, ungdomskriminalitet og vald aukar.

Dette kan ikkje vere skulen sitt ansvar åleine, og slik det er no står ein i fare for å miste mange dyktige, kompetente, hjartevarme, grensesetjande, fagleg sterke vaksne i skulen - både fagarbeidarar, lærarar, leiarar og andre tilsette.

Det kan ikkje vere slik, at sjølv om dei fleste elevar oppfører seg heilt "adekvat", og dei fleste foreldre er veldig fine å samarbeide med, så kan vi ikkje snakke om den negative endringa. Vi må faktisk tørre å snakke om den endringa og utviklinga ein ser, og om den elevgruppa som utfordrar oss.

Når vi tør å vere open og snakke saman, då kan vi få til endring. Fleire born og ungdommar hiv seg med i uønska handling og åtferd, fokuset hos mange elevar og foreldre har fått eit skremmande individfokus istadenfor eit fellesskapsfokus, og ikkje minst - for mange foreldre slit med å innsjå at bornet/ungdommen har ulike roller, til dømes heime og på skulen.

At ein ikkje skal snakke om dette i redsel for fare for dårleg rekruttering til yrket er óg feil fokus. Fokuset må vere på kva som faktisk er årsaka til at ein har problem med rekrutteringa. Det trur eg er samansett, men det hjelper iallfall ikkje å tie om det.

Born og ungdom er born og ungdom. Handlingar kjem frå ein stad, og det kjem frå ei endring som vi vaksne, som samfunnet, på mange vis har tillate. Dei skal lære seg livet, lære å ta gode valg, lære å vere medmenneske, og dei skal lære seg til å ta konsekvensane av vala dei tar. Men det er oss vaksne sitt ansvar å lære dei dette. Først meg som mamma, så meg som tilsett i skulen, vidare meg som ein engasjert vaksen i samfunnet.

Skulen skal romme alle, og eg skal love at i skulen har vi "alle". Mange elevar har tunge ryggsekkar og dei, som alle, skal møtast med omsorg, forståing og trygge rammer.

Men, eg vel å påstå at alle elevane vi i skulen møter på, som utfordrar oss, har ikkje ein tung ryggsekk. For mange så handlar det om mangel på folkeskikk (i enkelte situasjonar, eg har endå til gode å møte på så mange ungdommar som ikkje kan vere både høflege og kjekke i det heile tatt, dei har det i seg!), lite grensesetjing, kompisforhold til foreldre, lite tilstadeverande foreldre/ føresette, eit forhold til og påverknad av sosiale media, kort tolmods-spenn, digital drukning, mindre deltaking i organisert aktivitet, osb.

Altså eit enormt samansett bilete.

Dette biletet kan ikkje vere skulen sitt ansvar åleine, sjølv med det samfunnsoppdraget som ligg på bordet i dag.