Av: Geir Angeltveit, Venstre Inga Lothe, Høgre, Dag-Ove Fauskanger, KrF, Anja Austlid, Frp

Debatten kring kommuneøkonomien og konsekvensane den har for heile kommunen er etter vårt syn ein naudsynt og ønska debatt.

Situasjonen me står ovanfor er usedvanleg og tøff. Det offentlege ordskiftet stillar særskild krav til oss som lokalt folkevalde å vere etterretteleg, i posisjon og opposisjon.

Dei ubestridelege realitetane er at kommunen har ei langt høgare lånegjeld enn KS si anbefaling på maks 75 prosent av driftsinntektene. Samstundes har renta 3-4 dobla seg på kort tid. Det er primært denne kombinasjonen som gjer at Stord står ovanfor ein vanskeleg økonomisk situasjon.

Må nytta oppsparte midlar

Etter ein periode med 0 prosent-renta under korona-pandemien og ekstraordinære skatteinntekter har kommunen 130 millionar på konto (disposisjonsfond). Det er desse sparepengane me no må nytta gjennom 2024 og 2025 for å tetta gapet mellom vonde mellombelse kutt og langsiktig omstilling av kommunen. I tillegg skal dei også dekka eit stort underskot frå 2023.

For 2024 nyttar ein 52 millionar frå disposisjonsfond for å halde oppe drifta. Med alt dette er det lite som gjenstår på disposisjonsfond.

Det ligg i tillegg ei usikkerheit i dette, rundt inflasjon, renteauke, skatteinngong, overføringar frå staten, og lokale forhold.

Ei ansvarleg politisk styring

Det kjem ikkje pengar dalande i hovudet på oss frå Storting og regjering, og det er ikkje aktuelt eller ønskeleg å skyva byrda over på einskilde husstandar gjennom maksimal eigedomsskatt eller gebyrauke. Dette ville ha råka dei med færrast ressursar hardt, utan at det ville ha resultert i nok pengar til å redda oss ut av den økonomiske knipa me no står i.

Ansvar og styring av kommunen skjer ikkje gjennom taktikkeri og dramaturgi, ei heller ‘neste trekk’ i eit slags lokalpolitisk brettspel. Det skjer i den daglege drifta, formelle møter, vedtak gjennom gode prosessar og langsiktig planlegging.

Me må skapa handlingsrom

Det er nær sagt ingen som vert ståande uberørte når kommunen må spara inn minst 100 millionar. Innsparinga må skje gjennom ein kombinasjon av kortvarige mellombelse kutt, og langsiktige strukturelle grep. Slik skapar me økonomisk handlingsrom.

Det er gjennom dette handlingsrommet me sikrar at me får gjennomført ny sjukeheim, nye skulebygg, idretts- og kulturanlegg, organisatoriske velferdsløft, samferdsle-, miljø- og byutviklingsprosjekt og mykje meir.

Eit løfte me kjem til å halda

Stord kommune er eit lag, me er prisgitt tilsette som leverar i kvardagen, administrasjon som og snur kvar ein stein, og ikkje minst innbyggarar og politikarar som er konstruktive, venlege og forståelsesfulle.

Me har lova gode og opne prosessar, trygg økonomisk styring, tydelege prioriteringar og meiningsfull omstilling.

Dette har ikkje endra seg i løpet av dei tre månadane me har styrt, snarare tvert i mot – det er eit løfte me kjem til å halda.