Kommunalsjef Knut J. Gram svarar på konklusjonen til fylkesmannen.
- Annonse -

– Me forstår at saka har skapt uro hos pårørande og beklagar dette, seier kommunalsjef Knut Gram.

Før helga skreiv Stord24 om Fylkesmannen i Hordaland sin kritikk mot kommunen i saka der ein brukar som fekk registrert nær 450 påloggingar i pasientjournalen sin i løpet av nokre dagar blant Stord kommune sine tilsette. Dette skjedde før det i det heile teke var avklart at vedkomande skulle ha hjelp frå kommunen.

Fylkesmannen har konkludert med at Stord kommune ikkje hadde eit forsvarleg journalsystem då dette skjedde.

Fleire har reagert på saka, blant anna SV-politikar Kjellbjørg Lunde:

– Dette er svært alvorleg, her må forsvarlege system på plass snarast. Godt me har fylkesmannen som tilsynsorgan, når det trengs!

Geir Angeltveit i Venstre skriv at saka viser eit «Heilt uakseptabelt brot på personvernet».

– Svaret var ikkje uventa

- Annonse -
- Annonse -

Kommunalsjef Knut J. Gram i Stord kommune beklagar no overfor dei pårørande til brukaren det gjaldt.

– Klagesaka er teke på største alvor. Me forstår at saka har skapt uro hos pårørande og beklagar dette. Det er naudsynt at me har eit system som folk har tillit til.

Gram fortel at det var Stord kommune som sjølv sende sjølv saka til Fylkesmannen både grunna klagen og sidan også dei reagerte på talet på innloggingar.

- Annonse -

– Svaret frå Fylkesmannen er difor ikkje uventa, seier han.

– Overgang frå papir til elektronisk journal har vore utfordrande og ei bratt læringskurve for Stord kommune som for andre kommunar og helseføretak. Sidan saka kom opp har kommunen arbeidd intenst med å få til ei tilgangsstyring der ein sikrar at bare dei som skal ha tilgang, får dette.

– Vil alltid vere mange oppslag

Kommunalsjefen viser til at tilsette i dag har mindre høve til munnleg deling av informasjon om brukarar enn før, og at dette difor kan bli mange oppslag i pasientjournalen.

– Eit oppslag betyr ikkje at vedkomande har lese journalen. Sidan munnleg rapport er avvikla, medfører dette at personell må logge seg inn for å lese rapport. Dette i seg sjølv genererer mange oppslag. Det same gjer elektronisk meldingsutveksling mellom kommunen og sjukehusa og mellom kommunen og fastlegane. Det har vore og vil alltid vera kun personell med teieplikt som har tilgang.

– Sjølv med nye tilgangsrutinar vil det likevel  i eit elektronisk journalsystem, også i framtida vera eit relativt høgt tal innloggingar utan at dette er urettmesige innsyn, noko som også Fylkesmannen skriv i sitt svarbrev, seier Gram.

Slik Stord24 skreiv i førre veke har Stord kommune i løpet av året hatt eit særleg fokus på personvern og informasjonstryggleik, i samband med den europeiske personvernlova GDPR som trådde i kraft i sommar.

– Sjølv om det enno er nokre utfordringar, meiner eg me i dag har eit system som  betre sikrar at me unngår unødvendige oppslag. Loggane vert og kontrollert med jamne mellomrom for å avdekke eventuelle avvik, seier Gram.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -