Astrid Kjellevold og Lars Solberg i Atheno heiar på biogassplanane. Foto: Atheno
- Annonse -

LESARBREV: – Kommunar må møta aktørar med løysingsorientert begeistring og tilretteleggja for framtidig næringsliv sine behov. Saman kan ein få dette til.

Av: Astrid Kjellevold og Lars Solberg, Atheno
Anne-Grete Sandtorv og Karoline Eldøy, Stord Næringsråd

Sunnhordland er Noregs fremste industriregion. Verdiskapinga og sysselsettingseffekten av ein industriarbeidsplass  er stor, og me veit at kvar industriarbeidsplass skapar 2- 3 arbeidsplassar innan underleveransar, tenesteyting,  handel og service.

Sunnhordland er på rask veg inn i det digitale- og det grøne skiftet. Frå å vera ein region som er dominert av leverandørar til olje og gass, veks me inn i nye berekraftige bransjar og marknader. Dette er ei utvikling som ikkje vil gjera seg sjølv. Det krev vilje, investeringar og hardt arbeid for å lukkast.

Når lokale investorar og gründerar vil etablere biogassfabrikk, forskingssenter og servicesenter i regionen er dette ein del av eit framtidig industribilete som me heiar på. Her kjem det kunnskapsarbeidsplassar som me sårt treng. Me må ikkje vera naive og tru at global utvikling ikkje gjeld oss. Endringar vil merkast.

- Annonse -

Skal Sunnhordland også i framtida vera eit fyrtårn innan industri, må etablerte bedrifter, investorar, gründerar, akademia og offentlege apparat arbeida tett saman. Kommunar må møta aktørar med løysingsorientert begeistring og tilretteleggja for framtidig næringsliv sine behov. Saman kan ein få dette til.

- Annonse -
- Annonse -

Me heiar på det grøne skifte og ei framtid der biogass vert ein del av energimiksen saman med naturgass, batteri, hydrogen og andre fornybare energikjelder. Stord var tidleg ute med å investere i infrastruktur for bruk av gass som drivstoff til bussar og bilar. Dette har Sunnhordland Naturgass overteke og ynskjer sjølvsagt å kunne kople biogassfabrikken til.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -