Dagleg leiar i Anne-Grete Sandtorv i Stord Næringsråd ser tilbake på eit år med aukande optimisme. Foto: Magne Langåker/Stord Næringsråd
- Annonse -

2017 har vore eit år med stor aktivitet i industrien på øya, som igjen har skapt optimisme og ringverknader for resten av næringslivet, skriv Stord Næringsråd.

Av: Anne-Grete Sandtorv, dagleg leiar i Stord Næringsråd

Når me no nærmar oss jul og julehelsinga skal skrivast, er det kjekt å kjenna på stoltheita
over eit næringsliv som kvar dag jobbar for å vera i front – på kvalitet, teknologi og økonomi.

Det er krevjande, men som Professor Ola H. Grytten sa på Sparebanken Vest sitt frukostmøte i starten av året; dyktige folk, offshorekompetanse og satsing på havnæringar er viktige fortrinn som skal ta oss vidare.

2017 har vore eit år med stor aktivitet i industrien på øya, som igjen har skapt optimisme og ringverknader for resten av næringslivet. Det gler oss at mange permitterte og arbeidsledige er tilbake i jobb, og me gler oss over stor aktivitet og mange nyetablerte selskap. Atheno, som feira 30 års jubileum i år, gjer ein særs viktig jobb for dei som ønskjer å etablere eiga verksemd.

Stord Næringsråd har hatt eit år med mange arrangement. Frukostmøter, Stordkonferansen 7. juni og årsfest med utdeling av Næringsprisen 26. oktober, er nok dei viktigaste møteplassane for medlemmene våre. Å komma saman, og ikkje minst saman heia fram ein vinnar av Næringsprisen styrkjer samhandlinga mellom verksemdene. W. Engelsen Ettf., som fekk Næringsprisen 2017 er eit godt døme på ei verksemd som har takla opp- og nedgangstider, og som i dag står fram som ein solid aktør og arbeidsgjevar i regionen.

- Annonse -

I løpet av året vart det bestemt at Hordaland og Sogn- og Fjordane skal slåast saman til eit
nytt fylke. Me skulle gjerne sett at Rogaland også var med på denne reisa, men uansett må
me på Stord og i Sunnhordland jobba saman for å styrka regionen, og saman tale regionen
sine saker opp mot eit nytt fylke.

Det er eit spanande 2018 som står framføre oss. Saman med NCE Maritime CleanTech og
Atheno, vil me den 7. juni arrangera Stordkonferansen for 19. gong. Med Kompetanse og
Arbeidsplassar som hovudtema, vil me setja fokus på endringar i tida for leverandørindustrien og sjå på kor dei nye arbeidsplassane vil komma i framtida.

Digitalisering og nye arbeidsmetodar er spanande område som industrien jobbar med. Gjennom piloten Kompetanserogram Digitalisering i regi av Atheno, har ny kunnskap og
forståing av muligheiter opna seg. Me anbefaler bedrifter å melda seg på når
Kompetanseprogrammet vert rulla ut i full skala på nyåret.

Stord Næringsråd gler seg over optimismen og utbyggingane som skjer på Stord, og spesielt det som skjer i Leirvik sentrum. Nye spanande butikkar, fleire folk som skal bu i sentrum og spanande planer for Borggata- området, viser at Leirvik er ein attraktiv stad og eit viktig knutepunkt som må satsast på.

Stord Næringsråd ønskjer alle ei riktig god og fredfull jul.

- Annonse -