Foto: Magne Langåker
- Annonse -

Stemninga kunne knapt vore betre under markeringa av den nye Njord-kontrakten på Eldøyane i dag.

Det var eit svært stort oppbod av bransjetoppar, politikarar, media og ikkje minst arbeidarar, under markeringa av den nye Njord-kontrakten til Kværner, som sikrar arbeid for 3000 personar dei neste åra.

Det var ikkje lange tiden mellom kvar applausen ljoma i hallveggane under markeringa. Du kan sjå videoopptak av seremonien nedst i saka.

Kværner-direktør Steinar Røgenes var ein av dei som glisa stort i høve dagen.

– I dag går alle rundt og gliser. Me har håpa på dette sidan 2015, og me har gjort det me kunne for å lande kontrakten, seier Røgenes til Stord24.

Foto: Jonas Sætre/Stord24

Haldt maska

- Annonse -

Kontrakten med Statoil vart signert 16. desember i fjor. Sjølv om både bakaren og ordføraren på Stord visste om kontrakten før den vart offentleg kjend, har Røgenes passa godt på at informasjonen ikkje skulle kome ut før i dag.

– Me er jo veldig forsiktige med kva me seier. Dette er jo børssensitiv informasjon.

– Kva betyr denne kontrakten for Kværner på Stord?

– Dette betyr at det vil vere godt trykk på verftet, først med Johan Sverdrup fram til 2018, og vidare på Njord. Me er vanvittig stolte over å vise at denne industrien ikkje er død, seier Røgenes entusiastisk.

– Kva tenker du om at Statoil no har tre prosjekt inne på Kværner dei neste åra?

– Det trur eg ikkje er tilfeldig. Med få til veldig gode produkt, og eg er overtydd om at Statoil er glade i å vere på Stord.

Det var eit stort oppbod av folk då Njord-kontrakten vart markert i hall 3. Foto: Magne Langåker

Sirkelen er slutta

Akkurat det kan prosjektdirektør i Statoil, Terese Kvinge stadfeste.

– At Njord kjem tilbake til Stord der den først vart bygd, er me kjempeglade for, og det betyr at sirkelen no er slutta. Det er veldig mange med eit nært forhold og som kjenner ein slags eigarskap til plattforma.

– Dette er ein stor dag for oss. Eg kjem til å vere mykje på Stord framover, seier Kvinge.

Stor produksjon i vente

Njord har tent inn heile 70 milliardar kroner for Statoil dei åra den har vore i produksjon. Klinge trur den har potensiale for endå meir når den skal tilbake i Nordsjøen.

– Når me ser på reservane er det eit stort potensiale. Det er minst like mykje reservar som me har teke opp så langt.

– Kva vil du seie om jobben som Kværner no skal i gang med?

– Dette er noko av det største me har gjort med tanke på oppgradering av ein plattform, seier prosjektdirektør Terese Kvinge i Statoil.

Sjå video frå seremonien i Hall 3 her:

Sjå direkte frå Kværner Stord!

Posted by Stord24 on 17. mars 2017

 

- Annonse -