Langeland skule er ein av skulane på Stord som har hatt svært store klassar dei siste åra. Foto: Stord kommune
- Annonse -

DEBATT: Klubben ved Langeland skule er uroa over at elevtalet på Langeland skule kan bli auka endå meir ved oppføring av brakkeriggar.

Av: Anne Margethe Birkeland, på vegner av klubben ved Langeland skule

Under Komité for oppvekst og utdanning sitt møte tysdag ettermiddag, der rådmannen sitt forslag om ny skulekrinsgrense skulle behandlast, fekk komiteen inn eit nytt innspel om det kan vurderast å setja opp ein brakkerigg på Langeland skule.

Klubben ved Langeland skule har følgt med i debatten som har pågått vedrørande  justering av krinsgrensene, kjøp av tomteareal bak skulen og no det siste innspelet om midlertidig brakke på framsida av skulen som ei mogleg løysing på krinsgrenseproblematikken.

I høyringsrunden vedrørande Langelandstølen skreiv klubben ein høyringsuttale til kommunen der me ytra uro for auka elevtal dersom eit ytterlegare bustadfelt fekk løyve til utbygging. Samstundes reklamerer bustadfeltet Hatlandsåsen med at «i bydelen er det planlagt både bolig- og næringsområder, og i reguleringsplanen er det også satt av arealer til ny skole og barnehage.»

Me stiller oss undrande til at kommunen gong på gong gir løyve til utbygging i området, utan å ha noko klar plan for kor borna som er knytt til desse bustadane skal gå på skule. Kva krav/retningslinjer byggjer kommunen på når dei gir løyve til utbygging av bustadområde? Me ser ikkje at reguleringsplanen for kommunen blir følgt i denne saka.

- Annonse -

Større uteareal

Me stiller oss positive til eit større uteområde ved utfylling og planering av tomta/myra bak skulen. Skulen har per i dag 431 elevar. I middtimane kan elevar frå 5.-7. trinn nytta kunstgrasbanen, men elles er stort sett alle elevane samla på uteområdet rundt skulen. Det vil vera ein stor fordel for skulen og elevane dersom utearealet og leikeområdet vert større.

Rettleiande tal frå SSB seier at ein skule med over 300 elevar skal ha eit uteareal  på 15.000 kvadratmeter, og 25 kvadratmeter per elev over dette, noko som utgjer 18.275 kvadratmeter for Langeland sitt elevtal per i dag.

I følgje skulebruksplanen har Langeland skule eit uteområde på 16000 kvadratmeter. Det var før ein fekk nybygget i 2014-15. Dette arealet inneheld parkeringsplass, skuleplass, ballbinge, amfi, klatrevegg og paviljong m.m.

Skulebruksplanen gjeld fram til 2020, og klubben sitt spørsmål er: Kvifor bruker ein ikkje denne planen som rettesnor når kommunen har valt å bruka ressursar og personar med god kunnskap om dette til å laga han?

Brakkebygg

Me ser at eit eventuelt brakkebygg vil redusera det allereie svært avgrensa uteområdet vårt. Dersom brakka skal setjast opp der det er føreslege, vil ein også måtta hogge ned store tre som elevane nyttar til å leike rundt og med. Dette er ikkje ei løysing me ser positivt på.

Aukande sentrale føringar i høve Opplæringslova §9a som går på det elevane sitt skulemiljø  er også eit argument me vil trekkja fram. Eit knapt uteområde vil gjera det svært sårbart i høve til konfliktar når elevar er så tett på kvarandre, og det blir enno meir utfordrande enn i dag å ha oversikta for dei tilsette.

Administrasjonen på Langeland er like stor no som den var for over 10 år sidan, trass kraftig auke i elevtal og tilsette. Er dette rimeleg?

Trafikktryggleiken på Langeland har vore eit tema lenge. Det er mange born som sluttar samstundes og få parkeringsplassar. Det er kaotisk og uoversiktleg ved skuleatart/skuleslutt, og situasjonen vert ofte opplevd som utrygg for elevar og andre vaksne. Tilsette og administrasjonen på skulen har ofte fungert som trafikk- og parkeringsvakt for å få situasjonen trygg nok i høve til bilar og buss. Dette er ressurskrevjande og det er ikkje tilfredstillande at skulen nyttar elevressursen til å administrera skyssproblematikken på Langeland skule.

Har ikkje kapasitet

Gymsalen og andre spesialrom har ikkje kapasitet til å ta inn fleire klassar. I dag har me ikkje nok timar i gymsalen til å dekka alle klassane si undervisning. Spesialrom som musikk-, kunst- og handverk og mat og helserom på Langeland, er heller ikkje dimensjonert for fleire elevar. Ved å setja inn fleire klasserom i ei brakke, vil dominoeffekten føra til at me ikkje kan driva forsvarleg undervisning i særleg dei praktisk estetiske faga og gym.

Me har heller ikkje mange nok grupperom dersom elevtalet og klassetalet aukar. Fleire elevar vil sjølvsagt føra til at me treng fleire slike rom, då me ser at auka elevtal fører til at talet på elevar med spesielle behov også går opp.

Langeland skule har berre gymsalen som einaste moglege samlingsarena for elevane. Dersom  alle elevane skal samlast til t.d. songstunder, vil det altså vera nær 450 personar samla slik det er i dag. Skulen har også andre fellesarrangement som Solidaritetsdag, 17.mai og julegrantenning der foreldre og familie er invitert.

Uroa for tryggleiken

I den seinare tid har me stilt oss spørsmål om me kan halda fram med dei fellesarrangementa som skulen har hatt tradisjon for å gjennomføra. Me er uroa for tryggleiken og er på grensa av det me meiner er forsvarleg.

I overgangsfasar som t.d. ved utbygging av skulen har ein ved fleire høve hatt midlertidige løysingar på spesialrom og klasserom. Elevar og tilsette har vore tolmodige og tilpassingsdyktige. Kor mange gonger skal Langeland skule ha slike midlertidige løysingar? Dersom elevtalet aukar, er det også nødvendig med fleire lærarar. Det er pr. i dag ikkje nok rom og arbeidsplassar til dette.

Tjødnalio skule har plass til 100 elevar. Kva skjer når denne også vert full om nokre år? Me meiner vår skule er full slik den står i dag, og me ynskjer langsiktige, gjennomtenkte og varige løysingar for elevar, foreldra og tilsette.

Då er ikkje eit midlertidig brakkebygg ei tilfredstillande løysing.

- Annonse -