Frå hovudscenen på Tysnesfest laurdag.

Vinden satte ein brutal stoggar for festivalen som opplevde rekordpublikum laurdag og måtte avslutte før headliner Alan Walker gjekk på scena. 

Tysnesfest måtte laurdag kveld ta ei avgjerd om å stenge Gjerstad arena få minuttar før artisten Alan Walker skulle gå på scena.

Dette grunna svært kraftig vind som utgjorde ei fare for tryggleiken til publikum.

– Me er veldig leie oss for dette, men me må alltid setje tryggleika til publikum fremst, skriv festivalleiinga på Facebook.

Tysnesfest måtte i kveld ta ein beslutning om å stenge Gjerstad arena like før Alan Walker skulle gå på scena. Dette på…

Posted by Tysnesfest on 15. juli 2017

Tryggleikssjefen på festivalen, Bjarte Erstad, seier til BA at det ikkje var forsvarleg å halde fram med konsertane på scenen.

– Me valde å stoppe konserten då vinden tok til i styrke. Me hadde ikkje noko val, det var ei helsevurdering, sa Erstad.

Avisa har snakka med festivaldeltakaren Tommy Brakstad, som fortel om ein skuffa stemning blant publikum.

Bergensartisten Alan Walker. Foto: Stian Andersen

– Det var nok veldig mange som var ganske forbanna, men vêret gjer nok sitt til at folk ikkje brukar tid på å kjefte og smelle, men heller kjem seg heim.

Artisten Alan Walker skreiv på Instagram at han var skuffa over at konserten måtte bli kansellert.

Tysnes! Jeg og mitt crew hadde gledet oss veldig til å endelig få spille på hjemmebane. Det var derfor utrolig trist at festivalen måtte kansellere vår avslutningskonsert ikveld på grunn av ekstreme værforhold. 
Håper vi sees en annen gang, @tysnesfest????????❤️