Mats Mikkelson Sæther er godt nøgd med å ha blitt valt til maskot for herrelandslaget i handball. Her er han saman med landslagssjef Christian Berge under landslagsuttaket til EM i desember. Foto: privat
- Annonse -

Mats Mikkelson Sæther (10) er valt  ut som ein av 16 gutar frå hele landet som skal vere maskot for herrelandslaget i heile 2018. 

Den stolte ungguten frå Stord har fått tildelt ein heilt eigen mentor på landslaget. Landslagsspelar Eivind Tangen skal i løpet av 2018 kome til Stord for å trene Mats og lagkameratane hans på Stord sitt G10-lag.

– Det er utruleg kult at eg fekk lov til å vere Minihandballgut. No gler eg meg veldig til å sjå dei i EM. Og så blir det kjempegøy at Eivind Tangen kjem for å trene oss, seier Mats.

750 søkjarar

«Minihandballgutta» er eit samarbeidsprosjekt mellom Gjensidige og Norges handballforbund. Heile 750 gutar søkte om å bli ein av dei 16 som til slutt blei valt ut til å få det ærefulle oppdraget i år.

I desember var Mats saman med dei andre heldige under landslagsuttaket til EM, der dei fekk møte landslagssjefefen og sentrale spelarar på landslaget. Mats får også vere med på ei spelarsamling og ein landskamp i løpet av året.

Vil auke rekrutteringa

Uttalet av «minihandballgutar» vert gjort basert på søknaden som vert sendt inn og ikkje handballferdigheitene. Slik får alle handballinteresserte moglegheit til å bli valt ut, og ikkje berre dei som er best på banen.

- Annonse -

– Herrehandballen er i siget, og interessa aukar med drahjelp frå dei gode prestasjonane til handballgutta våre. Bakgrunnen for prosjektet er at me nettopp ønskjer å auka merksemda om gutehandballen og støtte opp om rekrutteringa, seier sponsorsjef i Gjensidige, Stian Grøstad i ei melding.

- Annonse -