Saka gjekk for Sunnhordland tingrett.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Mannen, som er busett i ein kommune i Sunnhordland, er dømt for å seksuelle handlingar mot ei 13 år gammal jente og for å hatt grovt overgrepsmateriale på PC’en sin.

Det var i løpet av 2012 og 2013 at mannen i starten av 70-åra utførte dei seksuelle handlingane mot den unge jenta som då var 12 og 13 år gammal.

I følgje tiltalen befølte han jenta på brystene og på kjønnsorganet, og har ved ein eller fleire gonger kyssa eller forsøkt å kyssa ho på munnen.

Ugjerningane vart kjend for politiet etter at det i 2015 var halde eit foredrag om straffelova og seksuelle overgrep på skulen jenta gjekk på. Det førte til at ho fortalte til ein miljøarbeidar på skulen at ho meinte seg utsett for seksuelle overgrep. Ho blei då oppmoda om å fortelje om overgrepet til mora si. Kort tid etter blei mannen i 70-åra politimeld.

I tillegg vart mannen tiltalt for å ha oppbevart grovt overgrepsmateriale mot born på PC’ën sin, etter at politiet gjennomførte ei ransaking etter at han vart politimeld av jenta.

Skulda jenta for «livleg fantasi»

Jenta forklarte at dei seksuelle handlingane då ho vart befølt på brystene og kjønnsorganet skjedde på ei hyttetur med familien, då ho på eit tidspunkt sat aleine i ein sofa saman med tiltalte.

- Annonse -

Mannen sa seg ikkje skuldig i tiltalepunkta, og meinte skuldingane til jenta er eit resultat av «livleg fantasi» og at ho hadde eit økonomisk motiv bak anklagane.

Han forklarte befølinga av brystene og kjønnsorganet til jenta med at dei sat saman i ein sofa i ei hytte, og at det var så liten plass at han falt ut av sofaen. Då han falt ut, forklarte han at han fekk ein refleksreaksjon om å halde seg fast. Ved eit uhell greip han dermed jenta sitt kjønnsorgan i nokre sekundar. Då han skulle reise seg opp igjen, støtta han handa si ved eit uhell på fornærma sitt bryst.

Ingen tru på tiltalte si forklaring

Dette hadde Sunnhordland tingrett ingen tru på.

– Retten meiner fornærma si forklaring, isolert sett, framstår svært truverdig. Retten viser til forklaringa var detaljert, samanhengjande og balansert. Ho var tydeleg på kva tiltalte hadde gjort, men også kva han ikkje hadde gjort, skriv tiltalte.

Jenta har fått traumesymptomar, angst og mareritt etter det ho var utsett for. Dette forklarte både mora hennar og behandlaren hennar hos BUP til retten. Dette meiner Sunnhordland tingrett styrkar forklaringa til jenta.

Sunnhordland tingrett kom dermed fram til å dømme mannen for alle tiltalepunkta.

Får redusert straffa

Retten meiner at den totale fengselsstraffa i utgangspunktet burde bli sett til sju månadar. Men fordi saka har vore til behandling hos aktor i meir enn halvtanna år, får mannen fleire månadar reduksjon i straffa. Retten skriv at ei så lang liggetid er ei krenking av Den europeiske menneskerettskonvesjonen, og skal kome tiltalte til gode i form av redusert straff.

Retten kom dermed fram til å dømme mannen til fengsel i 120 dagar.

Bistandsadvokaten til jenta fremja krav om 100.000 kroner i oppreising. Retten kom fram til å fastsetje erstatninga til 60.000 kroner.

- Annonse -