Saka gjekk for Sunnhordland tingrett.
- Annonse -

– Handlinga representerer eit grovt tillitsbrot overfor fornærma og hennar familie, skriv Sunnhordland tingrett.

Det var for to år sidan at den seksuelle handlinga skjedde då mannen, som er i slutten av 60-åra og busett i ein kommune i Sunnhordland, førte den 13 år gamle jenta si hand ned på sitt nakne kjønnsorgan.

Ugjerninga skjedde då jenta var på overnattingsbesøk hos ei venninne, som er barnebarnet til mannen.

Saka vart avgjort ved ein tilståelsesdom, då mannen har gitt ein tilståing utan atterhald i retten. Det gir han ein straffrabatt på 30 prosent.

Retten kom dermed fram til at fengselsstraffa bør setjast til 75 dagar.

– Ved straffutmålinga legg retten vekt på at handlinga skjedde i samband med at fornærma overnatta hos mannen saman med si venninne. Sikta og fornærma kjende kvarandre godt, og handlemåten representerte eit grovt tillitsbrot overfor fornærma og hennar familie, skriv Sunnhordland tingrett.

- Annonse -

Bistandsadvokaten til den fornærma jenta fremja eit krav om oppreising på 40.000 kroner. Dette aksepterte mannen i retten.

- Annonse -