Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Ein mann i starten av 30-åra blei måndag ettermiddag varetektsfengsla etter å ha truga ein familie på Stord med det som likna på ein ekte pistol.

Måndag ettermiddag i 15-tida vart politiet oppringt av ein person frå ei privatadresse på Stord, som meldte at ein rusa person hadde teke seg inn i bustaden og oppført seg trugande.

I følgje meldaren har mannen i starten av 30-åra truga med ein pistolliknande gjenstand og sagt til dei at han skulle drepe dei.

– Det kom melding at dei hadde problem med ein som var på besøk i eit hus. Han yppa til slagsmål og skal ha truga med ein pistolliknande sak tidlegare. Den hadde dei fått kontroll på, og viste seg å vere ein softgun. Men den var veldig likt eit ekte våpen, opplyser vaktsjef Håkon Tornes i Haugesund politistasjon.

Tornes opplyser at dei ikkje oppfattar trugslane direkte som ein drapstrugsel.

– Det hadde falt nokre ord som kunne likna på ein drapstrugsel. Men eg oppfatta det ikkje som det var direkte drapstrugslar. Men sonen i huset blei ordentleg redd.

- Annonse -
- Annonse -

Mannen vart frakta til arresten i Haugesund, der han vil bli avhøyrt i løpet av dagen.

- Annonse -

– Han blei arrestert og innsett i varetekt. Me vil gjennomføre avhøyr, og sjå om det er fare for gjentaking før han eventuelt blir lausleten. For øvrig må me sjå litt meir på om han har lovleg opphald i Norge, då han er av utanalandsk statsborgerskap, seier Tornes.

Politiet kjenner så langt ikkje til relasjonen mellom mannen og dei han truga, men opplyser at dei skal vere av same nasjonalitet.

– Me kjenner ikkje til kvifor han var på denne adressa.

 

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -