Mange kristne deltok på Pride-arrangementet i Haugesund i sommar. Men på Stord er det mange frå det kristne miljøet som markerer avstand mot feiringa. Foto: Den Norske Kyrkja
- Annonse -

Dagen før det første Pride-arrangementet på Stord nokon gong, går fleire titals personar frå det kristne miljøet på Stord ut mot arrangementet.

På Stord er det mange småbarnsforeldre som kvir seg for å gå til Leirvik sentrum på laurdag. (…) Pride har ei uttrykksform som mange føler seg støtt av, og som ikkje høyrer heime ein laurdags føremiddag på Leirvik torg. Dette har lite eller ingenting med å inkludere homofile i lokalsamfunnet.

Det skriv heile 30 personar frå det kristne miljøet på Stord i eit lesarinnlegg i Sunnhordland fredag, mellom anna skrive under av Geir Martin Økland, som er styreleiar i Stord Kristne Skule som er planlegg å starte opp.

Dei meiner profilen til Pride-arrangementet baserer seg for mykje på «utagerande seksuell åtferd» med lite fokus på homofile sine rettar i samfunnet.

– Svært spesielt at kommunen stiller seg bak

Geir Martin Økland er styreleiar i Stord Kristne Skule.

Økland har også saman med leiaren i partiet Dei Kristne på Stord, Anne Mari Slevigen, sendt eit brev til ordføraren der dei kritiserar kommunen for å heise regnbogeflagget ved rådhuset.

– Då dette er eit arrangement som fremjar ei familiesamansetning som er annleis en den som har vore i Noreg i alle generasjonar, og som er annleis en normalen i alle kulturar i verda, opp i gjennom heile historien, så er det svært spesielt at kommunen stiller seg bak dette arrangementet.

- Annonse -
- Annonse -

Dei meiner ordføraren og kommunen ikkje har heimel til å vedtak slik flaggheising.

Dette avviser ordførare Gaute Epland (Ap) i eit svar til Økland og Slevigen, der han viser til at lova ikkje krev at dette må handsamast i kommunestyret.

– Grunnen til at eg vil heisa regnbogeflagget og støtta opp under Storapride er at mitt fremste ønske som ordførar er at Stord kommune skal vera ein god kommune der alle innbyggjarar, også dei homofile og lesbiske, skal føla seg inkluderte i fellesskapen. Eg oppfattar at dette er hovudbodskapen til Storapride, og synest det difor er rett at me som kommune markerer støtte til arrangementet, skriv ordføren.

- Annonse -

Geir Martin Økland ønskjer ikkje å kommentere meir overfor Stord24.

– Kjipt at så mange reagerer negativt

Tara Wiers Kvamme er overraska over den sterke motstanden.

Ein av arrangørane bak Storapride, Tara Wiers Kvamme i Stord SU, meiner det er trist at det er kome så mykje motstand frå det kristne miljøet frå Stord den siste veka.

– Det er jo veldig kjipt at dei ser det sånn. Me er her jo for å vise og markere at me er at alle skal ha like rettar. Sjølvsagt respekterer eg meiningane deira, og det har eg vore tydeleg på heile tida. Likevel synest eg det er kjipt at det er så mange som reagerer negativt. Det beviser berre at dette er ein veldig viktig sak på Stord.

– Var de førebudd på at det skulle bli så mykje motstand?

– Eg var førebudd på litt motstand, men no er det jo veldig mange som har uttalt seg. Så eg har blitt overraska over kor mange som er veldig i mot dette her. Sjølvsagt har dei rett til å uttale meininga si, men eg synest det er veldig kjipt at me i 2018 ikkje kan respektere at alle menneske skal ha like rettar uansett legning eller kjønn.

Samtidig trur Kvamme at motstanden frå Jens Thoresen og det kristne miljøet vil bidra til at fleire møter opp til arrangementet.

– Jau, det trur eg faktisk. Eg trur det blir veldig mange som kjem. Nettopp på grunn av dei negative kommentarane trur eg det blir veldig mykje viktigare for folk å møte opp. Det har jo blitt veldig god PR for oss.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -