Magnar Aaland har gitt seg som administrerande direktør i Advantec. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Han starta suksessverksemda på Eldøyane i 2005. No går Magnar Aaland (65) av som adminisrerande direktør i Advantec.

Då Magnar Aaland starta Advantec for 13 år sidan var dei 20 tilsette. I dag tel dei rundt 300 tilsette og har avdelingar i fleire verdsdelar.

Bakgrunnen for at Aaland no takkar for seg som Advantec-sjef har å gjere med at selskapet blei kjøpt opp av oljegiganten GE Baker Hughes for to år sidan.

Gir frå seg livsverket

– Eg valte å gi meg i Advantec no rett over påske. Eg har stått mine to pliktår. Det å bli ein del av eit stort selskap har positive sider men også nokre sider som gjer at det er begrensande for min eigen del. Dermed valte eg å avslutte mi reise i Advantec. Det er jo også vemodig, sidan dette på mange måter er mitt prosjekt, og eit form for livsverk eg har bygd opp, seier Aaland.

– Var dette ei vanskeleg avgjersle å ta?

– Det har jo vore ei sak eg har tenkt på over tid, men eg har valt å stå gjennom den perioden då marknaden var tøff og å vere lojal i å snu dette til noko positivt. No har me eit godt arbeidsvolum og har begynt å tilsetje folk igjen. Då kjenner eg det er lettare å tre tilbake og la andre ta selskapet vidare.

- Annonse -
- Annonse -

65-åringen er tydeleg på at eit roleg pensjonistliv ikkje fristar. Han kjem no mellom anna til å vere engasjert Sunnhordland Naturgass sine planar om eit biogassanlegg.

– No tenkjer eg å bruke energi på litt nye ting framover. Me får sjå etter kvart kva eg kjem til å involvere meg i. Eg sit jo mellom anna som hovudeigar i Sunnhordland Naturgass og har ein del planar rundt det.

Sigmund Hovland er marknadssjef i Advantec. Foto: Jonas Sætre/Stord24

– Ikkje lett for gründarar

Marknadssjef i Advantec, Sigmund Hovland, seier at det ikkje kom som lyn frå klar himmel at Magnar Aaland no gir seg som administrerande direktør.

– Når me blei ein del av GE Baker Hughes så hadde me eit perspektiv på kva tid me skulle bli fullt integrerte i eit overtakande selskap. Me hadde ein toårshorisont, og i desember i fjor var me ferdig med denne perioden. Då var dei som var med i toårsperioden frie til å gjere noko anna, seier marknadssjef Sigmund Hovland i Advantec.

– For Magnar sin del så er det nok ikkje så enkelt å følgje med i eit selskap som du har starta som gründer som no skal matche inn i ein stor industriell aktør. Det er andre prosessar og andre metodar som nok kan vere vanskeleg for ein gründer.

- Annonse -

– Korleis blir det å halde fram utan mannen som starta verksemda?

– Det er jo ein milestein som er over sånn sett, og Magnar har jo gjort mange ting rett. Men det er ei tid for alt. No rapporterer me i litt andre retningar. Det kan nok vere smertefullt for gründarar å henge med på lasset.

Espen Brensdal ny sjef

Det er Espen Brensdal som blir ny administrerande direktør i selskapet. Han kom frå stillinga som Chief Operating Officer.

– Han har vore nestkommanderande og blir no oppgradert til å vere administrerande direktør. Samtidig er det ingen andre utskiftingar i leiargruppa, så kontinuiteten er der, seier Hovldand.

At Magnar Aaland gir seg på topp er det ingen tvil om. Selskapet blei hardt råka av oljekrisa for nokre år sidan, men har det siste året kapra store og viktige kontraktar som har skapt ny optimisme. I løpet av fjoråret skaffa verksemda seg arbeid i Afrika til verdiar på eit tresifra millionbeløp.

– Me snakkar om betydelege verdiar. I sum så snakkar me om eit tresifra millionbeløp. Ein av desse kontraktane er nok den største me nokon gong har landa, sa Magnar Aaland i eit intervju med Stord24 i januar.

Aaland sa vidare at han meiner det er grunnlag for at selskapet kan vekse ytterlegare på Stord.

– Me har ikkje utnytta heile potensialet vårt her på Stord. Me har jo eit anlegg her som har kapasitet til å ta på seg endå meir, og me ønskjer å jobbe for meir aktivitet her.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -