Biltema-bygget på Heiane skulle etter planen ha opna i juni.
- Annonse -

«Åpner juni 2018», står det på ein stor banner som er hengt opp på det planlagde Biltema-varehuset som har reist seg på Heiane Vest. Det er lite truleg.

I vår reiste ordførar og rådmann frå Stord kommune til Oslo for å få  kommunal- og moderniseringsdepartementet til å forkaste klagen mot det planlagde Biltema-varehuset på Heiane Vest.

Det lukkast dei ikkje med.

– Me ser at me diverre ikkje fekk gjennomslag for å forkaste klagen. No ligg saka til klagehandsaming hos Fylkesmannen i Rogaland, og me skal ned og ha eit møte med dei i Stavanger i neste veke, seier ordførar Gaute Epland (Ap).

Kan ta lang tid

Juridisk rådgjevar i fylkesmannen i Rogaland, Svein Undheim, seier det kan ta lang tid før eit vedtak vert gjort i saka.

– Me prøvar å halde oss til ein frist på tre månadar frå når me startar handsaminga.

- Annonse -

Sjølv om saka allereie har hamna på fylkesmannen sitt bord, har ikkje denne fristen slått inn enno.

– Saka byrjar ikkje å laupe før me har hatt møte med kommunen, og viss det eventuelt er naudsynt å hente inn meir informasjon så blir datofristen endå seinare. Så at det vil gå minst tre månadar før saka er ferdig handsama trur eg me kan rekne med, seier Undheim.

Opnar for raskare handsaming

Samtidig seier rådgjevaren at dei har høve til å framskunde saka.

– Det kan jo tenkast at me vil prøve å prioritere saka, men det får me sjå etter at me har snakka med kommunen.

Fylkesmannen i Rogaland har for tida vore invovert i tilsvarande klagehandsamingar av Biltema-etableringar i Stavanger og Sandnes. Undheim seier det vil vere naturleg å sjå Stord-saka i samaneheng med desse sakene.

– Det er klart at me vil sjå Stord-saka i samanheng med sakene me har hatt til handsaming i Rogaland.

- Annonse -